Silvia Kapstad frå Førde vann junior-VM i styrkeløft torsdag. – Det var stort då nasjonalsongen kom, seier 20-åringen.
Med norske flagg og «Ja, vi elsker» under premieutdelinga i byen Szczyrk i Polen torsdag ettermiddag innrømmer Silvia Kapstad at kjenslene tok overhand.
– Då eg hadde gått av podiet etter det siste løftet, gjekk det nokre minutt før eg forstod at eg var verdsmeister. Men under premieutdelinga kjende eg at det gjorde noko med meg. Det var faktisk heilt sjukt, smiler Kapstad etter ei oppvisning under junior-VM.
Vann alt
Ho imponerte stort og sette personlege rekordar i både knebøy og markløft, og var eigentleg berre misnøgd med sine eigne prestasjonar i benkpress.
– Ja, eg fekk det ikkje skikkeleg til i benken. Så det er der eg har mest å hente framover. Så når eg kjem heime, skal det trenast meir i benkpress, seier Kapstad som likevel også vann den klassa for løftarar inntil 72 kilo.
– Ja, det vart nokre gullmedaljar denne gongen. Faktisk fire av fire moglege. Og heilt utruleg gøy å sjå all den merksemd eg har fått etter at eg vart verdsmeister. Både på Facebook og meldingar elles har det plinga heile tida. Men eg trur eg må vente til eg kjem heim før eg får svara alle. For det skal eg, smiler Kapstad som har nådd verdstoppen etter litt over to års trening.
– Det har nok gått litt raskare enn kva eg hadde trudd. men dette er sikkert ein idrett som har passa meg svært godt. Og sjølv om eg ser at dei andre testar ut forskjellige teknikkar, så prioriterer eg å gjere det enkelt og på min måte. Og så lenge det fungerer så godt som det har gjort i junior-VM, så kjem eg ikkje til å endre på det, seier Kapstad.
Utklassing
Totalt løfta Silvia Kapstad 550 kilo i dei tre øvingane knebøy, benkpress og markløft, og var heile 40 kilo føre dei to hardaste konkurrentane sine.
– Ja, det vart skikkeleg utklassing. Så dette har vore ei skikkeleg sterk oppleving for meg, seier Kapstad som reiser heim igjen til Norge på laurdag.
– No skal eg vere her i Polen og nyte gullmedaljane. Og samstundes lære litt av dei andre i meisterskapen, seier gulljenta.
Slik gjekk det
Under meisterskapen i den polske byen Szczyrk imponerte den unge Førde-jenta med å ha det suverent beste resultatet i den første øvinga, knebøy. For med heile 222,5 kilo på stonga sette ho ein klar personleg rekord, og fekk god margin til dei andre konkurrentane. Nest beste løftar, Dakota Young frå USA stoppa på 207,5 kilo.
I benkpress sleit Kapstad derimot noko meir, og fekk underkjent to løft på 130 kilo. Men med det gyldige førsteløftet på 125 kilo, vann ho også denne disiplinen.
Godt i leiing
Føre siste løftdisiplin i styrkeløft-meisterskapen, markløft, hadde Kapstad dermed 40 kilo til gode på sin hardaste konkurrent, svenske Jessica Love, og kunne tillate seg å sikre inn si første internasjonale gullmedalje.
For i markløft var Kapstad godt konsentrert og sjølv om dommarane var i tvil om å godkjenne hennar første løft på 190 kilo, fekk ho grønt lys med 2 mot 1 stemme. Dermed var i praksis gullet sikra og Kapstad kunne med 197,5 kilo i sitt andre løft, juble for at gullet var godt innan rekkevidd. Og for å verkeleg slå fast kven som var sterkast la ho på til 202,5 i sitt siste løft, og dermed løfta Kapstad totalt 550 kilo på dei tre øvingane. Dei to andre medaljevinnarane, svenske Jessica Lowe og amerikanske Dakota Young, stoppa begge på 510 kilo.
Totalt deltok sju løftarar frå nasjonane Russland, Japan, Sverige, Danmark, USA (2) og Norge i klassa for løftarar inntil 72 kilo.