Elisabeth (27) imponerer politikarane, klar for Kongelaget

Både Liv Signe Navarsete og Olve Grotle var raskt framme med å gratulere Elisabeth Skudalsnes med plass i Kongelaget torsdag kveld.

Både Liv Signe Navarsete og Olve Grotle var raskt framme med å gratulere Elisabeth Skudalsnes med plass i Kongelaget torsdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE/GAULAR: Gaular-jenta Elisabeth Skudalsnes er klar for skyting blant dei beste.

DEL

Elisabeth Skudalsnes (27) frå Gaular er med 246 poeng klar for Kongelags-skytinga torsdag kveld, og har også teoretiske sjansar på å vinne prinsesse-tittelen i Kråkenesmarka. Og gaularjenta vedgår at det var ei sterk oppleving å endeleg lukkast under eit Landsskyttar-stemne. Noko som forklarar kvifor ho tok til tårene etter skytinga.

– Ja, dette har vore sterkt for meg. Eg har aldri lukkast i eit LS tidlegare. Og no endeleg var det min tur, smiler Skudalsnes då ho treff Firda rett etter skytinga.

I fokus

Sentrale politikarar som Olve Grotle og Liv Signe Navarsete blant fleire tusen tilskodarar på skyttararenaen var framme for å gratulere sunnfjordjenta.

– Utruleg kjekt at vi får lokale skyttarar med på Kongelaget. Det vil auke interesse for eit stemne som allereie er ein formidabel suksess, seier Førde-ordførar Olve Grotle og ser at Senterpartiet sin førstekandidat i fylket, Liv Signe Navarsete, også vil gratulere Skudalsnes.

– Eg har merka meg at jentene gjer det bra her på Landsskyttarstemnet. Noko som gjer meg glad. Og sjølvsagt ekstra kjekt at vi har skyttarar frå fylket som er med blant dei beste, seier Navarsete midt under skytingane blant dei beste onsdag ettermiddag.

Tårene kom

Noko Elisabeth Skudalsnes også er klar over.

– Det er framleis mange som ikkje har skote, og det kan dukke opp fleire namn i toppen. Men slik er ser det no så er nok 246 poeng godt nok til å vere med i Kongelaget. Endeleg, smiler Skudalsnes som i ei årrekke har kjempa for å markere seg på LS.

– Eg har gjort det bra i mange år føre skytingane på LS, men aldri hatt suksess når alle dei beste har møttest. Difor ekstra godt at det lukkast her. Eg har jobba med det mentale den siste tida, og har sett på konkurransane her ute i Kråkenesmarka med eit glimt i auget, og har sett fram til skytingane. Eg kosar meg på standplass, og har ikkje følt noko press i det heile. Og no følast det som om eg har vunne noko, seier Skudalsnes, som for tida skyt for bergensklubben Åsane/Hordvik.

Gler seg

– Ja, då eg starta på utdanninga mi i Bergen, var det naturleg at eg gjekk frå Gaular til Åsane/Hordvik. No har eg fått jobb som pedagogisk leiar på Osterøy, og bur også der med sambuaren min. Så eg vil nok halde fram i Åsane/Hordvik. Miljøet er svært godt der, og dei gode resultata skuldast nok det miljøet vi har i klubben, seier Skudalsnes som også skyt på Hordaland sitt samlag.

– Men no er det fokus på skytinga i Kongelaget torsdag kveld. Det er noko eg gler meg til, seier Skudalsnes og får tommel opp frå politikarane.

– Vi skal heie på deg, veit du, seier Olve Grotle.

Knapstad var nær

Etter at Elisabeth Skudalsnes gjennomførte sine skytingar, dukka også Reidun Kristin Knapstad frå Florø opp med god skyting utpå ettermiddagen. Men med 245 poeng og 12 innerblinkar ser det ut til at ho fell ut av Kongelaget med litt forfå innerblinkar. For både Håkon Sørli og Eileen Torp har 14, medan Ola Tore Dokken og Ole Magnus Bakken går føre Knapstad då dei har høvesvis 14 og 13 innerblinkar.

Artikkeltags