Gutubø Bogetveit får gå i EM

EM-KLAR: Håvard Gutubø Bogetveit er teken ut til EM i Ridnaun i Italia.

EM-KLAR: Håvard Gutubø Bogetveit er teken ut til EM i Ridnaun i Italia. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Håvard Gutubø Bogetveit er blant 12 uttekne til EM i Ridnaun i Italia.

DEL

Det er klart, etter at Norges skiskyttarforbund gjekk ut med troppen tysdag føremiddag.

Gutubø Bogetveit har med ei rekke gode resultat, sist ein 4.-plass i IBU-cupen, fått plass i den 12 mann store troppen som skal til Italia.

Meisterskapen blir halden frå 22. januar til 28. januar.

Bø-brørne til verdscup, Bjørndalen vraka

Det er også teke ut tropp til Verdscuprenn i Anterselva 16. januar - 21. januar. Ikkje overraskande er både Tarjei bø og Johannes Thingnes Bø med i dette uttaket.

Meir overraskande er det kanskje at veteran og medaljegrossist Ole Einar Bjørndalen ikkje er med i verdscup-uttaket.

Han er derimot teken ut i EM-troppen saman med Håvard Gutubø Bogetveit.

Her er det komplette uttaket:

Uttak World Cup 6 Anterselva 16.01.18 - 21.01.18

Kvinner

Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum IF

Hilde Fenne, Voss Skiskytterlag

Marte Olsbu, Froland IL

Synnøve Solemdal, Tingvoll IL

Kaia Wøien Nicolaisen, Asker Skiklubb

Menn

Lars Helge Birkeland, Birkenes IL

Johannes Thingnes Bø, Markane IL

Tarjei Bø, Markane IL

Henrik L'Abèe-Lund, Oslo Skiskytterlag

Emil Hegle Svendsen, Trondhjems skiskyttere

Erlend Øvereng Bjøntegaard, IL Beveren

Laguttak EM Ridnaun 22.01.18-28.01.18

Kvinner

Emilie Kalkenberg, Skonseng IL

Karoline Knotten, Vingrom IL

Thekla Brun-Lie, Oslo SSL

Kaia Wøien Nicolaisen, Asker SK

Sigrid Bilstad Neraasen, Vingrom IL

Jenny Enodd, Budal IL


Menn

Fredrik Gjesbakk, Bossmo og Ytteren IL

Vegard Bjørn Gjermundshaug, Alvdal IL

Ole Einar Bjørndalen, Simostranda IL

Aslak Nenseter, Bø SSL

Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL

Håvard Gutubø Bogetveit, Førde IL

Artikkeltags