Han svevde 25,5 meter, og var med det beste i verda

I VM: Kongsvik har skaffa seg nye ski, men bruker framleis bindingar og sko frå 80-talet.

I VM: Kongsvik har skaffa seg nye ski, men bruker framleis bindingar og sko frå 80-talet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SPORT: Nils Olav Kongsvik (62) frå Førde blei verdsmeister i hopp

DEL

Nils Olav Kongsvik frå Førde vann torsdag VM-gull i liten bakke under Senior-VM i Villach i Austerrike. Vinnarhoppet var på 25,5 meter.

– Det er veldig moro, seier Kongsvik.

Det var i klassen 60- 65 år Kongsvik stakk av med gullmedaljen, men 62-åringen kunne vunne kva som helst av klassane i dagens renn.

– Det er om lag 120 deltakarar i VM. Dei yngste er 30 år. Eg hoppa lengst av alle, uavhengig av klasse, i dag, fortel 62-åringen.

I går blei han nummer fire i konkurransen i 60-metersbakken med eit hopp på 55,5 meter.

Skal øve på V-stilen

62-åringen var aktiv hoppar fram til 1997, men la då skia på hylla. I fjor bestemde han seg for å gjere comeback.

– Eg hoppa ein gong i 2007, men med unntak av det var det stort sett dødt i 20 år, fortel førdianaren.

Kongsvik fortel at han no er i tenkeboksen når det gjeld den vidare karrieren.

– Eg hoppar på gamlemåten. Om eg skal halde fram må eg nok lære meg V-stil, fortel han.

62-åringen fortel at han ikkje har endra livsstilen nemneverdig etter comebacket.

– Kosthaldet er det same. Eg har heller ikkje trent på å hoppe, men eg har trent litt styrke og teknikk.

Også på utstyrsfronten må Kongsvik gjere nyinnkjøp for å henge med på utviklinga.

– Eg har nye ski, men hoppar framleis med bindingane og skoa eg brukte på 80-talet, seier hopparen.

Til Hochfilzen for å heie på fadderbarnet

Hoppkonkurransen var meisterskapens siste og no set 62-åringen snuten mot Hochfilzen for å heie på Tarjei og Johannes Bøe i skiskytar-VM.

– Eg er fadder på Johannes så det er klart eg må få med meg VM i skiskyting.

Han håpar fadderbarnet vil følge fadderen sitt eksempel.

– Det er klart eg håpar på gull til Johannes, avsluttar Kongsvik.

Artikkeltags