Førde kuppa Rett Vest

Eit godt treningsmål og ein god tradisjon i det våren kjem. Rett Vest har vore eit sikkert vårteikn i 37 år.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SPORT: Førde forsynte seg grovt av premiebordet i det 37. Florø Maraton Rett Vest.

DEL

Det var førdianaren Bendik Grimsbø som vann 10 kilometeren på 35.33 med sambygding Vegard Holsen på andreplass (37.25). Mads Knutsen frå Florø tok tredjeplassen på tida 37. 40.

Det melder Firdaposten

Desse vann maraton-klassene

Kvinneklassa vart også vunnen av Førde. Ane Brekke var suveren og vann på tida 40.48 medan Camilla Savland frå Naustdal (46.07) tok sølvet og Julie Bøtun (46.09) frå Stavanger tok bronsen.

– Målet er å komme meg gjennom ei mil utan å ringe 113, fleipa tidlegare ordførar Bengt Solheim – Olsen før oppstarten.

Vi vart med Benjamin Eggen Rett Vest

Helge Hafsås frå Olden var som vanleg i Florø og sikra seg sigeren på maraton. 2.53 vart tida. Per Olav Bøyum frå Syril tok sølvet på 3.13 og barfotløparen Lars Bjørbæk sikra arrangørklubben plass på pallen med tredjeplassen. Bjørbæk kom i mål på 3.25.44.

Det var berre to kvinner med på maraton i år. Vinnaren vart Liv Lystad frå Sportsklubben Vidar som vann på tida 4.06.27

Tuva til topps på 5 km

På 5 kilometeren var det unge Gard Reppen Vigdal frå Jotun som vann herreklassen på 18.51.80 føre Tambarskjelvar-løpar Odd Rognebakke (19.14.80) og Emil Knutsen frå Florø 20.03.00 på tredje.

Tuva Bråstad frå Hyllestad spring i klassen 12–13 år, men det sat ikkje noko stoppar for at ho vann heile kvinneklassen på 22.33.60 med førdejentene Anne Gyldenskog Kilnes i klassen 14–15 på andre (22.49.60) og Henriette Skaflestad Hegrenes klasse 16–17 på tredje (23.13.10).  

Resultatlistene frå Florø Maraton Rett Vest finn du her

Artikkeltags