– Det var vel dette eg kom heim for å gjere

VOLLEYBALL: Hilde Elvebakk kjende nervane komme allereie onsdag. Laurdag leiar ho Førde i cupfinalen.

DEL

– Om eg er spent? Eg kjende nervane byrje å bygge seg opp allereie onsdag. Så no er eg ganske nervøs, seier Hilde Elvebakk og smiler.

Saman med resten av laget står ho no klar for avreise frå Førde. Om vel eitt døgn spelar ho cupfinale i Ekeberghallen i Oslo.

Der kan ho vere med på å sikre klubben det første cupgullet i damelaget si historie. For Elvebakk sin del blir det den tredje cupfinalen ho spelar. Så langt har det resultert i ein siger og eitt tap.

I 2009 vart det tap mot Koll for BSI, medan ho var med på helgas motstandarlag, Oslo Volley, i 2015 og sikra cupgull mot Stod.

– Det å spele cupfinale er spesielt kvar gong. Det er den kampen med mest fokus kvart år. Det merkar ein godt, seier ho.

Heim for å vinne
GULLJAKT: Hilde Elvebakk (fremst) skal leie Førde ut i jakta på cupgull i Ekeberghallen laurdag.

GULLJAKT: Hilde Elvebakk (fremst) skal leie Førde ut i jakta på cupgull i Ekeberghallen laurdag. Foto:

Elvebakk returnerte til Førde for to sesongar sidan, og har dermed vore med på å sjå laget utvikle seg til å bli eitt av dei beste i landet per dags dato.

Førebels har det ikkje resultert i titlar, i alle fall ikkje før denne helga.

– Det var vel dette eg kom heim for å gjere: Å vere med Førde og spele om gull. Vi har framleis eit ungt og spennande lag, som kan ta nye steg, seier Elvebakk.

Førde og Oslo Volley har møttest ein gong tidlegare denne sesongen. Det var i Oslo, og enda med Førde-siger 3–1. Elvebakk meiner ikkje dei er favorittar av den grunn.

– Det blir ein heilt annan kamp denne gongen. Då mangla både vi og dei spelarar, så det er umogleg å bruke den som referanse. Eg ser no at dei i Volleyball-Norge som tippar, er veldig splitta. Om lag halvparten har trua på oss, medan resten trur Oslo tek det, seier Elvebakk.

– Min største kamp som trenar
OPTIMIST: Førde-trenar Vitor Macedo (i midten) trur laget kan sikre seg gullet, om dei følgjer oppskrifta hans. Her saman med Espen Kirketeig (t.v.) og Øystein Bergum.

OPTIMIST: Førde-trenar Vitor Macedo (i midten) trur laget kan sikre seg gullet, om dei følgjer oppskrifta hans. Her saman med Espen Kirketeig (t.v.) og Øystein Bergum. Foto:

Førde-trenar Vitor Macedo trur og at det kan bli ei jamn affære, men er klar på at Førde har sjansen til å sikre seg gullet.

– Om vi greier å halde oss til kampplanen kan vi ta gullet. Eg trur det er tre ting som blir viktig om vi skal avgjere dette i vårt favør. Vi må vere tolmodige, stabile og aggressive i spelet. Klarar vi alle dei tre tinga, så er det gode sjansar for at vi vinne kampen, seier Macedo.

Brasilianaren fortel at kampen som ventar er stor i hans auge.

– Det blir min største kamp som trenar. Eg er spent og nervøs, men den dagen eg ikkje er nervøs framfor ein kamp, så kan eg berre slutte. Det har eg sagt til spelarane og, seier han med eit smil.

Han har nettopp sett til livs lunsjen, før dei skal ta til på den lange bussturen til Oslo. Der ventar trening fredag kveld, før ei natt med søvn til cupfinaledagen. Då er det morgontrening, og vanlege kamprutinar.

– Vi satsar på vi får grunn til å feire, seier Macedo.

Sjå kampen på Firda

Cupfinalen vert i år spelt i Ekeberghallen i Oslo, og den vert overført på nettet. Firda viser kampen direkte, og du kan følge livesendinga hos oss.

Kampstart er laurdag klokka 13.30.

Artikkeltags