Brukte Førde Opp som opplading til VM

KLAR VINNAR: Torstein Tengsareid kom i mål 24 sekund før fjorårets vinnar, Johan Bugge.

KLAR VINNAR: Torstein Tengsareid kom i mål 24 sekund før fjorårets vinnar, Johan Bugge. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Torstein Tengsareid kom først i mål og slo fjorårets vinnar med heile 24 sekund.

DEL

– Eg har vore sjuk den siste veka og var usikker på forma mi, og ville bruke Førde Opp som opplading til VM om ei god veke, seier den nybakte vinnaren.

Les også: Går for første gong

Klarte ikkje rekorden

Haugesundaren kom i mål på tida 25,55, men klarte ikkje å slå Johan Bugge sin løyperekord på 25,06 frå i fjor. I dag kom Bugge i mål 24 sekund etter Tengsareid.

– Eg er godt nøgd med å slå Bugge, som i fjor var blant Europas beste motbakkeløparar.

Torstein Tengsareid i tet i starten av løypa.

Torstein Tengsareid i tet i starten av løypa. Foto:

Sindre Hoff frå Viksdalen var beste lokale løpar. Han kom på tredjeplass, og brukte 29,32 minutt.

Overraska vinnar

Vinnaren av dameklassa var norskamerikanske Annie Bergsagel. Ho sette ny løyperekord med 30,18 minutt. Dette er eitt minutt raskare enn Eli Anne Dvergsdal sin løyperekord i fjor.

VINNAR: Annie Bergsagel vann dameklassa i Førde Opp 2016.

VINNAR: Annie Bergsagel vann dameklassa i Førde Opp 2016. Foto:

– Veldig overraskande at eg slo rekorden med eitt minutt, seier Bergsagel.

Sjå bildeglimta frå Førde Opp her.

Sambuar Øyvind Heiberg Sundby hadde åtvara ho om at løypa var svært bratt.

– Men eg likte løypa veldig godt. Den var fast og fin, og det passar meg best. Eg er ingen god løypar på ujamt underlag, seier ho.

Sjå heile resultatlista her.

Anny Bergsagel i starten av løypa.

Anny Bergsagel i starten av løypa. Foto:

Artikkeltags