Gjøran Tefre klar for verdscup

KLAR FOR VERDSCUP: Gjøran Tefre under opningshelga i langrenn på Beitostølen.

KLAR FOR VERDSCUP: Gjøran Tefre under opningshelga i langrenn på Beitostølen. Foto:

LANGRENN: Gjøran Tefre frå Førde er klar for verdscupen på Lillehammer kommande helg.

DEL

15 menn og like mange kvinner er tekne ut i troppen til minitouren som blir innleia med sprint fredag, 10 kilometer og 15 kilometer klassiskt laurdag og søndag.

Tefre er ein av fleire som ikkje er på det norske elitelaget som har fått klarsignal, melder skiforbundet. Samstundes er det klart at eliteløparane Niklas Dyrhaug, Pål Golberg og Petter Northug jr. ikkje delt tek på Lillehammer. Det same er tilfelle med Mari Eide, og alle står over etter samråd med sine trenarar.

Artikkeltags