– Kunne ikkje fått ein betre bursdags-presang

Tore Valvik frå Førde vann NM-gull på 23-årsdagen sin.

Tore Valvik frå Førde vann NM-gull på 23-årsdagen sin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Endeleg vart han norsk meister.

DEL

Etter tre år med sølvmedalje i NM i gokart, kunne 23 år gamle Tore Valvik frå Førde søndag endeleg juble over sin første NM-tittel.

– Ja, dette var stort. Dette er noko eg har stått på for å vinne i lang tid. Og endeleg så lukkast eg, smiler Valvik då Firda snakkar med han på telefon etter løpet i Kongsberg.

Kake på dagen

NM i gokart går over to løp, og etter det første løpet i Stavanger for kort tid sidan, så ville Valvik sikre seg NM-tittelen viss han vart betre enn nummer to.

– Og då kunne vel ikkje noko vere betre enn at eg vann heile finalen. Det var jamt mellom dei beste førarane, men eg føler eg hadde ganske god kontroll, seier Valvik og opplevde at det både vart bursdagssong og kake på festdagen.

– Ja, i dag har det vore ein skikkeleg bursdag. Og dette var den beste presangen eg kunne ha fått, smiler 23-åringen som til dagleg jobbar hos Norsk Motorimport AS i Førde.

– Eg har køyrt gokart i mange år, men i år har det kanskje blitt litt mindre enn før. Men eg kjenner dei fleste banene i Norge etter kvart, og treng kanskje difor ikkje like mykje tid som då eg var yngre, seier Valvik etter at NM-gullet har hamna rundt halsen.

Stor fart

Valvik køyrer i klassen KZ2, også kalla Energi. Her nyttar han ein gokart med seks gir.

– Det er ein ganske kraftig gokart, og vi når ein maksimal hastigheit på 130–140 kilometer i timen. Og det er ganske heftig når du sit berre to centimeter over bakken. Då merkar vi godt G-kreftene både under oppbremsing og ikkje minst gjennom svingane, seier den ferske NM-vinnaren.

Valvik køyrer for Sunnfjord NMK, og var einaste deltakar frå klubben under helgas NM i Kongsberg.

Artikkeltags