Nokon set pris på kulde

Snøhaugane veks for kvart minutt på Langeland og natt til torsdag var dei store som hus. Håpet er at denne produksjonen skal gjere det mogleg å arrangere KM i langrenn på Langeland neste helg.

Snøhaugane veks for kvart minutt på Langeland og natt til torsdag var dei store som hus. Håpet er at denne produksjonen skal gjere det mogleg å arrangere KM i langrenn på Langeland neste helg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Her reddar dei meisterskapen.

DEL

Den siste veka har snøkanonane på Langeland gått på høggir, og håpet er at produksjonen av kunstsnø skal redde KM i langrenn som skal bli avvikla på Langeland neste helg.

– Vi har hatt døgnkontinuerleg drift sidan sist søndag, og det er produsert store mengder allereie frå dei sju/åtte snøtårna vi har hatt i aktivitet. På fredag startar vi med utkøyring av snø frå depoet, og då vil mannskap frå både Gaular og Førde kommune vere i aktivitet. På førstkommande laurdag vil det vere den store utkøyringsdagen med mange traktorar og andre køyretøy i aktivitet. Så då håpar vi at turgåarar ikkje legg turen til løypene, seier Børge Klakegg.

Døgnet rundt

Som styremedlem i Langeland Ski og Aktivitetssenter, så har Klakegg hatt hovudansvar for å få mannskap til å stille på dugnad denne veka, og han har hatt totalt 25 personar som har gått skift på Langeland.

– Dette er første gang vi verkeleg får testa ut det nye snøproduksjonsutstyret vårt. Det vart montert på tampen av 2014-sesongen, men då fekk vi så mykje natursnø at det ikkje var trong for produksjon. Så testa vi ut anlegget rett oppunder jul, før vi drog i gong for fullt denne veka, seier Klakegg.

Redde KM

Planen er at kunstsnøen skal dekke heile to-kilometeren, og at dei tre konkurransedagane i KM neste helg, skal bli avvikla i denne løypa.

– På laurdag ser vi om vi har nok snø, og tek då ei endeleg avgjerd om vi kan arrangere meisterskapen. Og med dei verutsiktene vi har i neste veke, så kan det også vere aktuelt å produsere noko meir då. Sjølv om vi må vurdere det opp mot økonomi, og ikkje minst slitasjen på dugnadsgjengen, seier Klakegg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken