Søndag ettermiddag vart det nye rulleskianlegget på Langeland i Gaular offisielt opna. Og skipresident Erik Røste kunne overrekke anleggseigaren ein årets anleggspris i Skiforbundet.

– Dette er ein merkedag for Førde og Gaular, og alle skientusiastar. Og eg kan samstundes gratulere med at dette er Norges finaste anlegg. For under anlegg- og arrangørseminaret på Gardermoen laurdag, fekk dette skisenteret denne prisen saman med Linderudkollen i Oslo. Og det er vel fortent, sa Røste og kunne overrekke det synlege beviset til styreleiar Kjetil Bjørset i Langeland Ski- og Fritidssenter.

Opning

Ei rad med prominente personar hadde funne vegen til skisenteret i samband med opninga søndag. Og det var skipresident Erik Røste, som saman med fylkesordførar Jenny Føling, stod for den offisielle snorklippinga.

Og fleire av talarane understreka verdien av anlegget.

– Dette er eit godt døme på det samarbeidet vi står overfor med tanke på den nye storkommunen. Dette er eit samarbeidsprosjekt i ordet si rette tyding. Og ikkje minst er dette svært viktig med tanke på brukarane sin sikkerheit. No treng dei ikkje lenger ha tankar på bilane som kjem bak når dei er ute på rulleski, sa Førde-ordførar Olve Grotle mellom anna i sin tale.

Det tredje

Anlegget på Langeland er det tredje rulleskianlegget i fylket, då både Vik og Markane allereie har etablert sine.

– Og det er på tide at det kjem rulleskianlegg her. Førde er den desidert største langrennsgruppa i fylket, og dei har jobba svært godt over lang tid. Difor er det veldig fortent at dei no får høve til å trene på eit så flott anlegg. For Førde er fyrtårnet i fylket, sa leiar i skikrinsen, Finn Årdal, i sin helsingstale.