Han kom i går, scora tre i dag

Øystein Myrkaskog scora tre mål då Førde slo Eid heile 7-2 i ein treningskamp i Hafstadparken torsdag kveld.

Øystein Myrkaskog scora tre mål då Førde slo Eid heile 7-2 i ein treningskamp i Hafstadparken torsdag kveld. Foto:

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Øystein Myrkaskog bestemte seg for å halde fram i Førde onsdag, og kvitterte med tre scoringar i treningskampen mot Eid torsdag kveld. Ein kamp som Førde vann heile 7–2, etter å ha leia 5–0 ved pause.

Tre på 25 min

– Det var utruleg kjekt å teikne seg på scoringslista for Førde igjen. Eg har vel ikkje scora for dei sidan juni i fjor, seier 28-åringen etter at han putta tre ballar bak Eid-keeper Erik André Røysen i løpet av 25 minutt i 1. omgang.

– Vi gjer ein god kamp i 1. omgang, og i periodar får vi spelet til å gli godt. Og då er det kjekt å endeleg få sjansen til å finne vegen til nettmaskene, seier Myrkaskog som etter opphaldet i 2. divisjon med Førde har prøvd lukka i OBOS-klubbar som Åsane, Kongsvinger og Florø.

Kaptein

– Men no blir det Førde og 3. divisjon framover. Og spelar vi slik vi gjorde i 1. omgang, så kan det bli moro. I 2. omgang testar vi derimot ut eit 3-5-2-system for første gang, og då stoppar mykje opp. Dessutan gjer vi ein del byter på mannskapet, seier Myrkaskog som også fekk høve til å bere kapteinsbindet etter at Ruben Holsæter gjekk ut i pausen.

– He, he. Eg forsvarte vel kapteinsvervet best i 1. omgang, gliser Myrkaskog og ruslar nøgd inn i garderoben etter nedsablinga av 4.-divisjonskubben Eid.

Kampfakta

Førde-Eid 7–2 (5–0)

Hafstadparken

100 tilskodarar

Mål:

1–0 20 min Øystein Myrkaskog

2–0 25 min Thor Jørgen Spurkeland

3–0 34 min Øystein Myrkaskog

4–0 40 min Vegard Savland

5–0 42 min Øystein Myrkaskog

5–1 50 min Kristian Lefdal

6–1 67 min Kristoffer Haaland Iversen

6–2 75 min

7–2 80 min Brage Sandvoll

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra

Førde: Fredrik Hanssen, Eirik Flatjord (Vegard Steen Eikeland i 45. min), Joachim Kvist (Mathias Sagevik i 45. min), Martin Dvergsdal, Odin Koskinen, Thor Jørgen Spurkeland (Fredrik Rørstadbotnen i 60. min), Ruben Holsæter (Brage Sandvoll i 45. min), Erlend Moen Taule, Øystein Myrkaskog og Vegard Savland

Eid: Erik André Røysen, Håvard Holmøyvik, Sebastian Grøttå, Muktar Ferej Jassin, Daniel Myklebust, Espen Rosø, Vebjørn Høynes, Kristian Årskog, Artur Meliquan, Sindre Hafsås, Kristian Lefdal.

Artikkeltags