Førde tapte jamt oppgjer

Tor Kristian Kvammen og Førde tapte 3-2 borte mot Tromsø i første seriekamp.

Tor Kristian Kvammen og Førde tapte 3-2 borte mot Tromsø i første seriekamp.

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Tromsø vart for sterke på bortebane.

DEL

Førde tapte 3-2 borte mot Tromsø i serieopninga i dag.

– Skuffande å tape, men det var ein veldig jamn kamp og vi spelar godt i periodar, seier Førde-trenar Frank Roger Kalstad til firda.no

Måtte ut med skade

Eit urutinert Førde-lag fekk ein vanskeleg start på kampen då Lars Magnus Kaasa måtte ut med ein overtråkk.

Dermed vart Førde ein senter i manko. Likevel heldt sunnfjordingane godt følgje kampen i gjennom.

– Vi har eit veldig ungt mannskap, og vil nok bli litt ustabile framover, seier Kalstad.

Han ser fram til å få rutinerte Geir Eithun og litauiske Mantas Belaglovis på plass seinare i haust.

Ny kamp søndag

Søndag spelar Førde sin andre kamp for helga, mot Oslo Volley.

– Vi kjenner ikkje dei så godt, men veit dei har fått nokre forsterkingar, seier Førde-trenaren.

Kampfakta

Tromsø–Førde 3-2

(26-24, 23-25, 25-29, 22-25 og 15-9)

Artikkeltags