Førde er best i landet

Førde sikra gullet heime mot Kristiansund.

Førde sikra gullet heime mot Kristiansund. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Sikra seriemeisterskapen på heimebane.

DEL

Førde sikra seg sitt første seriemeisterskap sidan 2008, då dei slo Kristiansund i Førdehuset i dag.

For anledningen svartkledde Førde-spelarar gjekk rett i leiinga i kampen i dag, mot det som på førehand må kunne kallast svakare motstand.

Drog i frå

Anført av Lars Fredrik Tvinde tok Førde heim første settet i kampen, med siffera 25-19.

I andre sett var det jamnspelt til Førde sett sitt 12. poeng. Då hadde dei opparbeidd seg ei luke på tre poeng, som Kristiansund aldri klarte å ta heilt igjen.

Førde vann til slutt settet 25-22.

Super-server

I tredjesettet starta Tor Kristian Kvammen ei utruleg rekk med server. Han sende laget opp i ei 8-0-leiing. Og sjølv om Kristiansund plukka nokon poeng, var dei aldri i nærleiken av Førde. Dermed vann Førde kampen 3-0, og sikra trofeet.

Første på fem år

Med tre poeng i dagens kamp, er Førde seriemeistera ei runde før slutt. Dermed kan laget reise til Bergen til siste kamp, utan nokon form for press på seg.

Nyborg har vunne dei fire siste seriemeisterskapa, men etter at Førde slo dei på heimebane tidlegare i år, har dei aldri klart å ta innpå Førde.

Førde vann serien i 2008, men har måtte sjå seg slått i åra etter. Også i cupen har Nyborg vore det førande laget, sjølv om Førde tok heim trofeet i 2011. I år vann bergensklubben 3-0 mot Førde.

Artikkeltags