Folkefest og rekord

Jonathan Wyatt vann herreklassen.

Jonathan Wyatt vann herreklassen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Sjå alle tidene! - Aldri hatt så mange løparar.

DEL

Sjølv om løyperekordane uteblei i årets Skåla Opp, så kunne arrangørane notere seg for ein solid deltakarrekord. Den gamle rekorden på 1806 deltakarar frå i fjor er historie, og den nye rekorden er på 1935 deltakarar.

– Dette er kort og godt unikt med tanke på det regnveret og den skodda vi hadde i dag tidleg, seier ein strålande nøgd løpsleiar Erik Brendefur og ser løpar etter løpar komme ned til målområdet på Tjugen etter gjennomført løp.

Mange mosjonistar

– Vi hadde 793 konkurranseløparar, og heilt fantastiske 1142 mosjonistar i dag Desse har alle vore på toppen. Slike tal har vi aldri opplevd tidlegare, seier Brendefur om veksten på 129 deltakarar og har ikkje noko klar formining om kvifor deltakartalet har auka så kraftig.

Her kan du sjekke tidene!

– Nei, det har vore mykje merksemd rundt løpet vårt, og alt dreg i same retning. Så sjølv om årets løp er eit av dei tretten løpa med dårlegast ver, så set vi likevel rekord. Det er kort og godt unikt.

Ned mot løyperekord

Vinnar av herreklassa vart Jonathan Wyatt frå New Zealand, medan Laura Orgue frå Spania vann kvinneklassa.Ingen av desse løparane makta å slette løyperekordane.

– Det skuldast nok litt sleipt underlag, men likevel presterte begge vinnarane ned mot gjeldande løyperekordar, seier Brendefur og trur mellom 2500 og 3000 personar var oppe i fjellet under løpet.

– Løypemannskapa har rapportert om jamt sig av både folk med og utan startnummer i timesvis. Så dette har vore ein skikkeleg folkefest, seier Brendefur.

Artikkeltags