Gå til sidens hovedinnhold

Flo-støtte til Førde

Artikkelen er over 8 år gammel

Sogndal-spelarar på tribunen i Europacup-kamp.

- Dette er den første volleyball-kampen eg har sett på så høgt nivå. Og Førde imponerte meg. Dette var skikkeleg god underhaldning, seier Sogndal Fotball sin kantspelar Tonny Brochmann. Laurdag ettermiddag var Brochmann saman med Ulrik Flo og Ruben Holsæter på tribunen i Førdehuset for å sjå heimelaget sin kamp mot finske Etta Oulu. Ein kamp som finnane til slutt vann 3-1 etter settsifra 25-23, 17-25, 27-29 og 24-26.

Førde var nære

- Dette var ei flott oppleving. Stemninga var svært god, og Førde var nær å klare avansement, seier Brochmann då han etter kampen slår av ein prat med Førde VBK sin beste spelar, Mathias Loftesnes.

- Vi kjenner Mathias Loftesnes frå før. Og i dag var han veldig god. Dette motiverer til vår eigen kamp mot Aalesund søndag kveld på Fosshaugane Campus, seier Brochmann.