I løpet av 24 timar på laurdag sprang nordfjordingen Inge Asbjørn Haugen nesten 163 kilometer. Han deltok då på 24-timarsløpet innandørs på Bislett stadion i Oslo.
- Eit slikt løp handlar først om å vere mentalt førebudd. Og det gjekk faktisk ganske godt denne gongen også, smiler Haugen etter 162 758 meter. Han deltok for første gang på 24-timarsløpet i 2007, og noterte seg då for litt over 180 kilometer.
- Så med tanke på at eg bikka 60 år i april i år, så skal eg kanskje vere nøgd med å klare nesten fire maratonløp på eitt døgn, seier Haugen.
Pensjonistgange
Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal er dessutan den løparen i Norge som har gjennomført flest maratonløp.
- Eg har gjennomført 461 maratonløp hittil, og skal delta på eit nytt løp i Bergen til helga. Og eg tek berre eit løp om gangen i min alder, seier Haugen etter nesten 163 kilometer det siste døgnet.
- Eg merkar det godt i beina, ja. Og då eg skulle reise meg for å gå ut av bussen i Gudbrandsdalen, så var det nok pensjonistgange på meg, ler milslukaren.