Desse damene er heilt sjef i Sogn

SJEFAR: Ragnhild Fagerslett (med hue) og Kine Sofie Dale Strøm har hatt mykje å henge fingrane i dei dagane festivalen har vart.

SJEFAR: Ragnhild Fagerslett (med hue) og Kine Sofie Dale Strøm har hatt mykje å henge fingrane i dei dagane festivalen har vart. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOGNDAL: Seks damer, ingen av dei frå Sogndal, har teke hand om å skape festival.

DEL

– I år er alle i styret nye. Og vi er seks damer som har kontroll på det, seier festivalsjef på Fjellsportfestivalen, Ragnhild Fagerslett.

For heile styret i Fjellsportfestivalen i Sogndal består av tilflyttarar, kvinnelege tilflyttarar. Framfor den niande utgåva har dei teke over stafettpinnen etter det gamle styret, og med stø hand styrt planlegginga og gjennomføringa av festivalen som var i helga.

– Eg har sett deg meir enn kjærasten min den siste tida. Så det seier vel litt om kor mykje tid det går med, seier Fagerslett medan ho ser opp frå papira ho har framfor seg og på sjef for dei frivillige Kine Dale Strøm.

Lokka av fjellet

Ho svarar med eit lurt smil og seier at det heilt sikkert har gått med over 200 timar på å få til festivalen.

– At vi berre er tilflyttarar er kanskje litt tilfeldig, men ein har lett for å rekruttere folk som er like seg sjølv, seier festivalsjefen.

Ho har sjølv komme til saftbygda frå Romsdal.

– Eg hadde lyst til å flytte nærmare fjella. Då var det fleire alternativ, Tromsø, Molde og Sogndal, blant anna. Men eg har høyrt mykje bra om Sogndal, så det var det som vart valet, seier Fagerslett. Sjå bildeglimt frå Fjellsportfestivalen

At fjell, friluftsliv og ski står sentralt er det dermed liten tvil om for festivalsjefen. Like brei erfaring har ikkje siddisen Dale Strøm.

– Eg har kjøpt meg randonee-ski i år. Og eg kan ikkje forstå kvifor eg ikkje gjorde det før. Men eg har slite med å få byjentene i vennekrinsen til å komme opp hit på festivalen, seier Stavanger-kvinna.

– Hos meg er det åtte som søv på golvet i stova. Så det er mange tilreisande til festivalen. Det er mange gode grunnar til å komme på festivalen, skyt Fagerslett inn, før ho held fram:

SJEFAR: Ragnhild Fagerslett (med hue) og Kine Sofie Dale Strøm har hatt mykje å henge fingrane i dei dagane festivalen har vart.

SJEFAR: Ragnhild Fagerslett (med hue) og Kine Sofie Dale Strøm har hatt mykje å henge fingrane i dei dagane festivalen har vart. Foto:

– Ei av dei som er med å arrangerer festivalen trefte kjærasten her eit tidlegare år.

Over tusen

Dei er begge klare på at sjølv om festivalen har fått eit rykte på seg for å vere for folk som er opptekne av fjell og toppturar, er arrangørane veldig tydelege på at dei har eit breiare nedslagsfelt enn det.

– Du tek feil når du seier at dette berre er for topptur-folk. Vi har arrangement både for dei som vil lære meir om det lokale, for born og for mange andre. Og det er ikkje berre fjellfolk som kjem hit, seier Fagerslett.

Under årets festival fortel dei at litt over 1000 har vore innom portane. Og at dei fleste av arrangementa har vore så å seie fulle.

– Og dei første dagane fekk vi kjempevêr. Det var veldig moro når vi såg at langtidsvarselet viste snø, og at vêret vart bra, seier festivalsjefen.

– Det heile byrja med at ein blei teken av snøskred, korleis er ein slik start?

– Det var ekkelt den første timen, då vi ikkje visste kva som hadde skjedd eller korleis det stod til. Men det enda berre som ein vekker for alle. Så vi hadde fokus på tryggleiken, seier Fagerslett.

Med første festivalen gjennomført for det nye styret, og eit tiårsjubileum i vente, er det vel naturleg å tru at gjengen går på eitt år til.

– Haha. Det kan du ikkje spørje oss om i dag. Når vi er så slitne. Gi oss nokre veker, så skal vi ta stilling til det, seier festivalsjefen lattermild.

Artikkeltags