Fekk det tøft på femmila

SLITEN: Asgeir Årdal er ferdig med den store kraftprøva under Tour de Ski China. No står den siste sprintkonkurransen igjen, før jølstringen vender tilbake til Norge.

SLITEN: Asgeir Årdal er ferdig med den store kraftprøva under Tour de Ski China. No står den siste sprintkonkurransen igjen, før jølstringen vender tilbake til Norge. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Asgeir Årdal kjempar om fjerdeplassen i Tour de Ski China.

DEL

- Eg er heilt ferdig. Dette har teke på, seier Asgeir Årdal etter å ha gått inn til tiandeplass på femmila under Tour de Ski China.

Han viser til at det har blitt mange konkurransar og mykje reising på kort tid.

Vart tungt

Difor er han godt nøgd med fredagens tiandeplass.

- Eg var lenge med i hovudfeltet, og var med på fleire brot. Men då feltet sprakk opp den siste bakken, vart det for tungt, seier Årdal.

- Tiandeplass var nok maks for meg i dag, legg han til.

Slåst om fjerdeplass

Det er no trippel svensk i samandraget av Tour de Ski China. Asgeir Årdal slåst om fjerdeplassen mot den beste kinesaren i konkurransen.

Neste og siste distanse er først på tysdag, då det ventar kvalifisering til den avgjerande sprinten.

Artikkeltags