Magnar Sægrov frå Skei fekk det hakke tøffare enn resten då han skulle gjennomføre miniton under dagens maraton på Vassenden.
32-åringen hadde nemleg bursdag, og 3. august skal han seie ja til si komande kone, dermed tok kameratane ansvar og sytte for eit utdrikkingslag utanom det vanlege.
Han vart kledd opp i slalåmbriller, fekk på seg ein stor grøn badering, og to altfor store symjeføter. Deretter måtte han legge avgarde på den 4,2 kilometer lange sløyfa på sørsida av Jølstravatnet. Sjå video over.
Tidenes maraton
– Dette må vere tidenes beste utgåve av arrangementet, seier Johnny Solheimsnes i hovudkomiteen av Jølster Maraton.
For 30. gong gjekk det naturflott løpet av staben, og i jubileumsåret slo dei til med deltakarrekord.
På lag med vêrgudane
342 stilte til start i dei forskjellige konkurranseklassane.
– I tillegg har vi hatt mellom 300 og 400 som har delteke på miniton (4,2 kilometer) og sykkel. Det har vore heilt topp. Alt det tekniske har fungert, og jølstringane har slutta opp om arrangementet, seier Solheimsnes.
– Også vêret då. Det har jo vore fantastisk, som vanleg.
– Kva avtale har de eigentleg med vêrgudane?
– Nei, sei det. Eg kan knapt hugse at det har regna eit einaste år. Vi har vert så heldige med vêret at arrangørane av Storehesten opp lurte på om vi ville byte helg, det var sjølvsagt ikkje aktuelt, seier Solheimsnes.
Hafsås sterkast
I maratonklassen var alt ved det gamle. Olderen Helge Hafsås kom i einsam majestet inn mot mål, like før klokka passerte 2 timar og 40 minutt.
– Det var godt å komme under 2.40. Det er ei stund sidan eg har gjort, seier Hafsås.
Han fortel at han om lag har lagt den lange maratonkarrieren på hylla. Og at Jølster maraton var det første løpet på asfalt sidan byrjinga av mai.
– No satsar eg på fjelltrimmen. Så det er der eg trenar, og eg måtte ta tre postar før eg reiste til Jølster i dag tidleg. Men det var godt å kjenne at forma framleis er nokon lunde, seier Hafsås.
Løyperekord
På 5-kilometersløypa var det Marius Vedvik som synte seg å vere sterkast.
Han hadde eit mål om å slå norgesrekorden på 5 km gateløp, men starten blei for hard.
Dermed klokka han inn sju sekund bak rekorden på tida 14.35. Nokon som er ny løyperekord.
– Det gjekk greitt. Eg starta for hardt, så eg får komme att neste år og ta rekorden, seier Vedvik.