Everton og Rosenborg interesserte i Hovland

Det var ikkje United-kontrakt for Even Hovland i denne omgang.

Det var ikkje United-kontrakt for Even Hovland i denne omgang. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Even Hovland fekk ikkje kontrakt med Manchester United denne gongen, men sportsleg leiar Trond Fylling ser at også andre klubbar har signalisert interesse for klubbens heitaste salsobjekt.

Fokus på Sogndal

– Ifølgje agenten hans, Jim Solbakken, har også Everton og Rosenborg vist interesse. Men eg håpar ikkje det skjer noko meir akkurat no. For det kan vere greitt å ha fokus på Sogndal i ein periode, seier Fylling som såg Hovland spele midtstoppar mot tippeligaklubben FK Haugesund i Vestlandshallen i Bergen laurdag.

– Han greidde seg heilt ok mot Tippeligaspelarar, og viser at han heilt klart held nivået. Og det skulle jo berre mangle når Manchester United viste så stor interesse for han, seier Fylling.

Nøgd med uavgjort

Sogndal sin sportslege leiar er også nøgd med uavgjort mot nyopprykka haugesundarar.

– Eigentleg heilt greitt med 1–1. Vi fekk testa ut nokre nye spelarar som Gøran Wigum og Halvor Fretland som greidde seg bra i forsvaret. Dessutan var det fint at Mostapha Cissé nok ein gong kom på scoringslista, seier Fylling etter 1–1-oppgjeret.

– Vi er tidleg i sesongen, og har ein del fokus på utprøvingar akkurat no. Men tendensen ser veldig bra ut, seier Fylling.

Artikkeltags