Med knappe 25 grader i skuggen vart årets Jølster Maraton ei tøff oppleving for løparane. Ein av deltakarane segna om eit par hundre meter før målgang, men vart raskt teke hand om av lege. Og etter nedkjøling kom han seg raskt til hektene. Dessutan var det knappe ti løparar som gav seg før målpassering grunna varmen under løpet.

Forsvarleg

- Det å springe på asfalt i slik varme er ei påkjenning. Men vi har hatt sterkare varme her tidlegare, seinast i fjor. Og vi meiner at det er forsvarleg å arrangere slike løp på sommaren. Ikkje minst fordi vi legg opp til mange væskestasjonar og elles legg ut vasslangar slik at løparane kan kjøle seg ned. Vår største utfordring er å få dei minst erfarne til å stoppe opp for å drikke. Dei rutinerte løparane har derimot full kontroll, seier løpsleiar Johnny Solheimsnes i Jølster Maraton som vart avvikla for 28. gang på laurdag.

Hafsås-kontroll

Løpet vart elles prega av at Helge Hafsås frå Olden nok ein gong vann ein klar siger i heilmaraton, og sikra seg ein ny siger i sin 16. start på Jølster. Men denne gongen vart tida 2.47,05, og det er godt ti minutt bak det Hafsås brukar til vanleg på ein 42-kilometer.

I halvmaraton imponerte Audhild Hestad frå Gaular som vann på litt over ein time og 25 minutt, og ho fekk også oppleve at Alexander Bjørvik frå Oslo-klubben Tjalve vann herreklassa. Og Bjørvik kjem opphaveleg frå Bjørvikstanda på nordsida av Dalsfjorden.

Sterk auke

Årets Jølster Maraton opplevde elles ein sterk auke i deltakartalet, og talde ikkje mindre enn 265 løparar med startnummer på dei forskjellige distansane.

- Det er tydleg at fleire tilreisande har oppdaga Jølster Maraton. I dag har vi med løparar frå fem-seks nasjonar, og vi opplever ein auke på 65 løparar frå i fjor. Og arrangementsmessig har alt fungert optimalt, seier løpsleiaren etter løpsfesten i Jølster.