Det russiske topplaget Fakel Novy Urengoy hadde ikkje all verdas problem med å tukte Førde i den første Europacup-kampen onsdag kveld, og vann 3-0. Men både publikum og heimelaget gjorde dette likevel til ein festkveld.

– Førde er eit bra lag, sjølv om vi er på eit anna nivå, spesielt teknisk. Det entusiastiske publikumet skapte ei god stemning, og vi har gode opplevingar frå dette opphaldet. Det vart ein festkveld, ja, seier den italienske trenaren for Fakel Novy Urengoy, Ferdinado di Giorgi, etter kampen i Førdehuset.

Aldri betre

Han såg at russarane, med heile ni spelarar over to meter i troppen, vann med settsifra 18-25, 18-25 og 14-25.

Men heimelaget hang i peridar godt med, og dei knappe 1000 tilskodarane hadde eit ørlite håp midtveges i det andre settet. Då leia faktisk Førde kampen 8-7, før den russiske slagbjørnen viste seg fram på parketten igjen.

– Eg har aldri vore med å spele mot eit betre lag, og det er tydeleg at desse spelarane lever av å spele volleyball, seier Førde sin midtspelar Lars Magnus Kaasa som fekk ståande ovasjonar frå publikum då han tre gonger blokka ein tidlegare OL og VM-meister ved nettet.

– Det var ei heilt rå oppleving, og eg har aldri møtt nokre betre spelarar. Så dette var vanvittig kjekt, seier Kaasa trass i tapet.

Retur om tre veker

Returkampen i Sibir går om tre kampar, og Fakel Novy Urengoy sin trenar vil nesten garantere heimesiger.

– Men vi skal gje Førde eit flott opphald i Russland. Så dei kan glede seg til det, sjølv om eg både håpar og trur at vi også skal vinne den kampen, seier Ferdinando di Giorgi.

– Vi skulle gjerne spelt den første kampen i Russland, men vi tek sjølvsagt utfordringa på bortebane om tre veker, seier sportsleg leiar Martin Berntsen.

Blir liten

Det russiske laget kom til Førde på måndag, og hadde si første trening i Førdehuset tysdag ettermiddag.

– Eg er sjølv 198 centimeter høg, og det er ikkje ofte eg føler meg liten. Men i dag fekk eg oppleve det, smiler volleyball-entusiasten Jan Ove Hafstad.

Dei russiske spelarane bur til vanleg i Moskva, men vert henta med privatfly for å spele sine heimekampar i byen Novyj Urengoy i Sibir. Den russiske troppen som kom til Førde bestod totalt av 20 personar, 14 av desse er spelarar, medan dei seks siste utgjer støtte-apparatet.

– Og i følgje dei opplysningane vi har fått så tener ein av desse spelarane to millionar dollar i året av å spele volleyball. Så då er det ikkje vanskeleg å forstå at det er stor skilnad på laga, seier leiaren i Førde VBK, Sindre Roska.

Sjekk høgda

Den russiske klubben Fakel Novy Urengoy hadde heile ni spelarar over to meter i troppen, mot Førde sin eine (Marcin Lubiejwski). Dette er russerane rangert etter høgde:

Ilia Vlasov (212)

Vitaly Mosov (208)

Alexander Gutsalyuk (205)

Kostyantin Bakun (204)

Dmitry Krasikov (203)

Andrey Titich (202)

Alexander Kritskiy (202)

Artem Tokhtash (200)

Michal Winiarski (200)

Oleg Samsonychev (198)

Dmitriy Volkov (198)

Alexey Spiridonov (196)

Filipp Voronkov (195)

Valerio Vermiglio (189)

Vladimir Shishkin (183)

Roman Martynyuk (182)

Hovudtrenar: Ferdinando De Giorgi

Kjelde: Det europeiske volleyballforbundet (CEV) si heimeside