-Eg elskar å springe åleine

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

39 år gamle Helge Hafsås er maratonsportens konge. Han har flest sigrar i heile verda, og vart i nyttårshelga heidra med minnepris.

DEL

Verdas mestvinnande maratonløpar

-Det er jo litt artig at ingen andre har så mange sigrar i maraton som meg. Men tala dei gjev opp er fullstendig feil. I følgje den siste oversikta som vart gjort offentleg før jul hadde eg vunne 46 løp. Men det riktige talet er 72, humrar maratonelskaren, som til dagleg jobbar på røykjeriet ved Nordfjord Kjøtt i Loen.

Gjer feil

-Du veit at dei som styrer med statistikkane kan ikkje få med seg alt eg har gjort. Ikkje minst fordi fleire av løpa skjer her på Vestlandet, medan dei som lagar oversikta held til på andre plassar, seier Helge Hafsås, som har vunne heile 72 av dei 89 løpa han har stilt opp i.

-For meg handlar det ikkje om å vinne klassa. Eg skal vinne totalt, og då prøvar eg gjerne å stikke frå dei andre rett frå start. For du veit eg elskar å springe åleine, seier Hafsås, som etter nyttårsløpet i Ålesund fekk tildelt Jon Hendens Minnepris av Jens Wollebæk.

-Det var kjekt å få den prisen. Eg har no halde på med dette i nokre år, og har vist prega toppen på listene, smiler Hafsås og trur det skal vere mogleg å passere 100 maratonløp i løpet av 2005-sesongen.

Spesiell trening

-Det handlar om å få trent nok. Eg hadde nokre år då eg sleit litt med lyskeskade, og då var det ikkje kjekt å vere med på maratonløp. Men når eg er skadefri og treningsgrunnlaget er godt, så er det moro, seier maratonmannen, og understrekar at han sikkert trenar litt annleis enn dei andre.

-Eg veit ikkje kva intervall er for noko. Men eg trenar ein del i terrenget, og har ei flott løype over åsen mellom Olden og Loen. Elles brukar eg å køyre knallhardt ein ni-ti kilometer slik at eg nærast spyr. Det brukar å gje god verknad, smiler Hafsås som i alle løp har vore under den magiske tretimars-grensa på sine 89 løp.

-Det svakaste løpet eg har hatt i historia var mitt siste. Men då var det spegelglatt i Ålesund, og eg hadde store problem med å halde med på beina. Og gjett om eg vart stiv i beina, gliser Hafsås.

Best i fylket

Samstundes erkjenner Hafsås at han har lyst til å oppnå betre tid enn dei legendariske lokale milslukarane Bjarne Huseklepp og Mons Bale.

-Det er sju-åtte minutt ned til Huseklepp si bestetid, medan Bale berre har to minutt betre tid enn meg. Så eg får sjå om det kan vere mogleg å presse rekorden min ned i 2005, seier Hafsås.

Og maratonløparen vedgår at akkurat kjensla av å sette rekord er noko av drivkrafta.

-No vart eg 39 år på onsdag, og framleis kjenner eg lyst til å halde på med dette. Men det skal vel godt gjerast å nå opp i det talet som Inge Asbjørn Haugen har. Han har passert 250 maratonløp, og gjennomfører minst 25 løp kvart år. Det er kostbart, og då må eg reise langt meir enn kva eg har gjort hittil. Men det er aldri godt å vite. Om nokre år er det kanskje talet løp som tel, og ikkje tida, reflekterer Hafsås og gler seg allereie til neste løp.

-Det startar opp med vinterløpa i Bergen. Og målet er å passere maratonløp nummer 100 i Hornindal i juli. Det hadde vore moro, avsluttar verdas mestvinnande maratonløpar.

-Dei som styrer statistikkane kan ikkje få med seg alt eg har gjort,

Helge Hafsås, maratonløpar

Artikkeltags