- Dette er ekstremt stort

Øyvind Strømmen Kjerpeset og Ezinne Okparaebo fekk Kongepokalen under årets senior-NM i friidrett.

Øyvind Strømmen Kjerpeset og Ezinne Okparaebo fekk Kongepokalen under årets senior-NM i friidrett. (Foto: )

Av

Rangert føre Andreas Thorkildsen og fekk Kongepokalen.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø fekk søndag ettermiddag tildelt Kongepokalen som beste herreutøvar under friidretts-NM i Tønsberg. Og saman med Ezinne Okparebo kunne ha motta sølvpokalen frå friidrettspresident Svein Arne Hansen på Greveskogen idrettspark.

- Dette er ekstremt stort for meg, og eg set utruleg stor pris på denne pokalen. Eg hadde eit lite håp, og då dei ropte opp namnet mitt var eg overlykkeleg, seier Strømmen Kjerpeset til Firda etter å ha motteke den synlege beviset på at han er beste friidrettsutøvar i Norge i samband med senior-NM 2013.

- Dette er det desiderte høgdepunktet under meisterskapen, og ein jury av tre personar har kåra desse to til dei største profilane i denne meisterskapen, sa Hansen i samband med utdelinga.

To gull

Strømmen Kjerpeset vart dobbel gullvinnar i NM for seniorar i Tønsberg. Laurdag ettermiddag vann han favorittøvinga si, 400 meter hekk, på ny meisterskapsrekord, og søndag feide han gjennom 200 meter flatt med ny NM-tittel.

- Dette er kanskje det beste 200 meter-løpet eg har prestert, sjølv om eg hadde 12 hundredelar betre på Bislett sist laurdag, seier Strømmen Kjerpeset til Firda rett etter målgang. Tida i dag vart 21,10, og dermed er det ingen tvil om at han er årets NM-konge for herrar med to gullmedaljar. Og med Kongepokalen i tillegg er han den store herreutøvaren.

Fekk pokalen

Trioen som vurderte kandidatane måtte sette Øyvind Strømmen Kjerpeset opp mot dei tre mannlege utøvarane Andreas Thorkildsen, Eivind Henriksen (slegge) og Erik Tysse (kappgang) som alle hadde noteringar på godt internasjonalt nivå.

Sju medaljar

Sogn og Fjordane fekk totalt sju medaljar i meisterskapen. I tillegg til Øyvind Strømmen Kjerpeset sine to gull, fekk både Trude Raad og Merete Helgheim same valør. Duoen Elin Isane og Marte Rygg fekk sølv, medan Trude Raad i tillegg til gullet også fekk ei bronse.

Inger Anne Frøysedal frå Oppstryn, men som no representerer Tjalve, vann dessutan tresteg under meisterskapen.

Artikkeltags