Gå til sidens hovedinnhold

– Det var god timebetaling

Artikkelen er over 6 år gammel

Det norske langrennsesset Heidi Weng smadra gjeldande løyperekord i "Storehesten Opp" laurdag, og fekk utdelt 195 000 kroner for bragden.

– Oj, eg var ikkje klar over at det var så mykje pengar i premiepotten. Da må eg kanskje vere igjen til premieutdelingen i kveld da, smilte 22 år gamle Weng frå Enebakk som med tida 1,11,52 opp det 1209 meter høge fjellet i Sunnfjord, forbetra den gamle rekorden kraftig.

God betaling

For med ei tid under ein time og 13 minutt, så vart også den oppsamla jackpot-premien overrekt Heidi Weng. Den går i utgangspunktet til den løparen som kjem først opp på toppen under ein time, men er utlikna til 1,13 med tanke på kjønnsmessige skilnader.

– Dette er gjort av folk på idrettshøgskulen, og eg trudde ikkje det var mogleg at vi skulle få ein kvinneleg løpar opp på toppen under ein time og 13 minutt. Det er kort og godt fantastisk, seier løpsleiar Helge Kårstad etter rekordløpet til Weng.

Ikkje timen

I herreklassa makta ikkje den seksdobbelte europameistaren Ahmet Arslan å slå rekorden i sitt første møte med Storehesten. Han kom i mål på 1,06,22. Men han kjem gjerne tilbake.

– Eg tok det med ro på slutten då eg forstod at det var umogleg å ta rekorden til John Sompol på 1,03. Dessutan var eg litt uheldig i det steinete partiet på slutten og fall, seier tyrkaren og var imponert over det Heidi Weng presterte.

– Dette var fantastisk. Ho var jo berre litt over fem minutt bak meg i mål. Men så har ho medalljar frå både OL og VM i langrenn og då, smiler Arslan og ser at ein stor folkememnde tek mot vinnarane nede på Sveen etter løpet.

Fintellinga av tal deltakarar er ikkje ferdig, men løpsleiinga rekna med at omtrent 1000 deltakarar stilte opp.

Kommentarer til denne saken