- Det kan bli nye rekordar

Det kan bli folksomt opp mot Skålatårnet på laurdag då arrangøren ser at det kan gå mot ny deltakarrekord.

Det kan bli folksomt opp mot Skålatårnet på laurdag då arrangøren ser at det kan gå mot ny deltakarrekord. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Enorm påmelding så langt

DEL

Laurdag morgon går startskotet for årets "Skåla Opp" i Loen. Og deltakarrekorden på 1780 fullførande på toppen frå i fjor, kan bli slått.

- I fjor hadde vi 1500 påmelde ei veke før løpet. I år nådde vi 1500 to veker tidlegare. Og med dei verutsiktene vi no har, så kan godt rekorden på 1780 på toppen bli slått, seier løpsleiar Erik Brendefur optimistisk berre tre dagar føre løpet.

Godt ver

- Gode vêrmeldingar kan fort bety både 200, 300 og kanskje 400 løparar ekstra. Så vi skal vel ikkje leggje skjul på at vi følgjer med på vêrmeldingane hyppig no den siste veka, seier Brendefur og ser at temperaturen er såpass høg at det ikkje skal bli dei store utfordringane.

Talet konkurranseløparar er fastlåst på maksimalt 800 då delar av løpet går i Jostedalsbreen nasjonalpark, og Brendefur viser til at dei mest kjende løparane allereie har meldt sin ankomst.

- Rekordhaldar Ahmet Arslan frå Tyrkia kjem for å prøve å presse rekorden lenger ned, og vi reknar med at det i herreklassa vil vere fleire løparar som vil vere med å kjempe i tetsjiktet, seier Brendefur.

Bortimot 2000

I kvinneklassa håpar Brendefur at fjorårsvinnaren, Antonella Confortola frå Italia, vil vere klar til start. Men endeleg stadfesting kjem ikkje før på onsdag ettermiddag.

- Men vi får eit tøft løp uansett. Og det vil garantert bli hard kamp om plassane oppover mot Skålatårnet. Og det viktigaste er at dei innpå 2000 løparane vi sender oppover traseen får ei flott oppleving, seier løpsleiaren.

Artikkeltags