Braut ny magisk grense

Strømmen Kjerpeset braut ei ny barriere i dag. Denne gongen med tida 20.98 på 200 meter hekk.

Strømmen Kjerpeset braut ei ny barriere i dag. Denne gongen med tida 20.98 på 200 meter hekk. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Øyvind Strømmen Kjerpeset har nok ein gong brote ei magisk grense i år.

Igjen har han synt at sprintferdigheitene er på høgt nivå.

Under Tyrvinglekene på Bislett i dag, klinka Strømmen Kjerpeset til på 200 meter.

Han vart klokka inn på tida 20.98, og er med det den første ifrå Sogn og Fjordane som har sprunge på under 21 sekund.

- Det er ein ny fantastisk prestasjon av Øyvind. Hadde nokon sagt før denne sesongen at krinsrekorden på 200 meter kom til å vere på under 21 sekund, ville nok dei fleste berre rista på hovudet. Han har brote ei ny barriere, seier leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Narve Heggheim.

Artikkeltags