Komande sesong vert eikefjordingen Dan Kåre Esp den einaste dommaren i Sogn og Fjordane som får dømme 2. divisjon. Dei resterande 13 dommarane frå region Vest kjem nemleg frå Hordaland og Rogaland.

Tøft løp

– Dette skuldast først og fremst at fotballforbundet prioriterer dei krinsane som har flest lag i divisjonen. Og så lenge vi berre har ein klubb i årets 2. divisjon, så fekk vi ikkje med fleire dommarar, seier Kvam som er krinsansvarleg for divisjonsdommarne her i fylket.

Dermed må dommarar som Inge Seglem og Robert Endestad i beste fall stile mot å dømme i 3. divisjon denne sesongen, og i tilfelle få ein forfallskamp eller to i 2. divisjon.

Økonomi

– Dette er hardt og brutalt, og vi skulle gjerne ha sett at forbundet såg meir til kvalitet enn geografi. For våre dommarar har tilbakemeldingar frå sensorane som er fullt på høgde med det divisjonsdommarane i nabokrinsane har. Men samstundes har vi forståing for den økonomiske sida i dette, seier Kvam.

For tre år sidan hadde Sogn og Fjordane tre lag i 2. divisjon og heile fem divisjonsdommarar. I fjor var statusen ingen lag og ein dommar, medan det var 2004-sesongen altså er klart for Jotun Årdalstangen Fotballklubb og Dan Kåre Esp.

Når det gjeld Tippeligaen så offentleggjorde fotballforbundet i går at både Tommy Skjerven frå Kaupanger og Steinar Holvik frå Sandane er inne på lista for 2004-sesongen.