Gå til sidens hovedinnhold

Atløy-dominert trenarkurs

Artikkelen er over 16 år gammel

I helga gjekk det første trenarkurset for kvinner i regi av fotballkretsen av stabelen i fylket. Atløyværingane var sterkt representerte.

-På Atløy har vi, med unntak av litt volleyball, stort sett berre fotball å konsentrere oss om, svarar Unn Kari Vilnes på spørsmål om kvifor heile tre av sju trenaraspirantar på kurset i Førde kjem frå Atløy. Eller så er kanskje øybuarane tøffare enn innlandsfolket.

Sjølvtillit

For deltakarane på kurset er redd mange kvinner vegrar seg mot å vere fotballtrenar.

-Ein av grunnane til at det er stor mannleg overvekt kan vere at mange damer har for liten sjølvtillit til å hoppe ut i det, seier Randi Marie Sjøholt, einaste deltakar frå Sogndal.

-Og så er jo menn generelt meir fotballinteressert enn kvinner, legg Vibeke Kjerpeset frå Svelgen til.

Aldersbestemt nivå

A-kurset dei har gjennomført denne helga rettar seg mot aldersbestemt fotball i klassene opp til 12 år. Men alle seks som var tilstades søndag hadde tenkt å gå steget vidare og ta B-kurset, som konsentrar seg om ungdomsklassene. Det er generelt svært få kvinnelege trenarar i toppen av norsk herrefotball. Det har ikkje deltakane på kurset tenkt å gjere noko med.

-Nei, vi har ikkje planar om å lære mannfolk å spele fotball, flirer dei, og legg til at det er prekær mangel på kvinnelege trenarar både i fylket og på landsbasis. Difor er håpet etterkvart at fleire kurs blir arrangert og at andre torer å bevege seg ut på ukjent grunn.

Dyktige deltakarar

Intruktør Knut Almås hadde ansvaret for det første reine damekurset i fotballkretsen si historie. Han tykkjer deltakarane har vore strålande.

-Dette er dyktige folk som er lærevillige. Dei er aktive med og debatterer, samstundes som dei kjem med gode tankar og forslag. For kretsen er det svært viktig å rekruttere nye kvinnelege trenarar, avsluttar Almås.