Dette ser du ikkje så ofte

Det er seks år sidan det var alpin-aktivitet i Årbergsdalen i Gaular. No lyser bakken opp på kveldstid.

Det er seks år sidan det var alpin-aktivitet i Årbergsdalen i Gaular. No lyser bakken opp på kveldstid. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylket har fått «nytt» skisenter.

DEL

Dei siste dagane har det vore aktivitet i alpinanlegget i Årbergsdalen i Gaular. Og på kveldstid lyser flaumlyset opp fjellsida på vestsida mellom Vadheim og Sande. Noko initiativtakar Martin-Olav Senneset kan stadfeste.

– Ja, før helga fann vi ut at det nok snø til at vi kunne prøve å preppe bakken. Så no storkosar ungane seg og dei slepp å reise heilt til Blomlia eller Bjørkelia, seier Senneset.

Seks år utan drift

Sist det var aktivitet i bakken var i 2010.

– Eg meiner vi kjøpte den brukte trakkemaskina frå Blomlia det året, og så brukte vi den slik at vi fekk litt aktivitet her i bakken. Men sidan då har den stått i ro, seier Senneset.

Bakken vart preparert i fjor vinter, men vart likevel ikkje opna.

– No skal vi halde bakken open så lenge det er forsvarleg å køyre der, seier Senneset.

Vil ha kulde

No håpar Senneset på kalde netter i tida som kjem.

– Det er ikkje mykje snø vi har i bakken, slik at vi håpar å unngå for mange plussgrader i tida som kjem. Og kanskje kan vi ha snø heilt fram til påska. Det hadde vore moro, seier Senneset og viser til at det 800 meter lange trekket i bakken fungerer godt.

– Vi kjøpte den gamle Uglum-heisen frå Hodlekve og den humpar og går framleis. Så no kan Eirik Nistad og dei andre entusiastane på Sande boltre seg i heimebakken sin, seier Senneset.

Artikkeltags