Gå til sidens hovedinnhold

5. divisjon kan bli snudd opp ned

Artikkelen er over 16 år gammel

Fotballkrinsen har fått eit delikat problem å hanskast med i 5. divisjon. I verste fall kan det heile få dramatiske konsekvensar både i toppen og botnen av tabellen.

Då Tempo/Florø II ikkje møtte til kamp borte mot Vadheim/Høyang II i slutten av august, var det andre gongen denne sesongen at florøværingane ikkje stilte til kamp.

Ifølgje regelverket skal då laget verte degradert ein divisjon. Det vart ikkje tilfelle i dette høvet:

-Ettersom det berre gjenstår to kampar i 5. divisjon, ville det ha fått store konsekvensar for dei resterande laga. Styret gjekk for ei smidigare løysing, fortel administrativ leiar Svein Olav Myklebust i fotballkrinsen.

Ser raudt

Kampane til Tempo/Florø II skulle nemleg i utgangspunktet ha vore strokne, og dermed ville tabellen ha sett heilt annleis ut - ikkje minst for laga i toppen og botnen av divisjonen.

Difor har fotballkrinsen nytta seg av eit avsnitt i regelverket, som seier at dei kan følgje andre retningslinjer dersom særlege forhold ligg til grunn. Dei særlege forholda i dette tilfellet er at det berre står to kampar igjen, samstundes som mange lag vert råka.

Med andre ord: Oppgjeret mellom Vadheim/Høyang II og Tempo/Florø II vert sett til 0-0, heimelaget får alle tre poenga - og kystlaget får 6000 kroner i bot.

Det får fleire involverte partar til å sjå raudt.

-Eg tykkjer dette vart veldig rart. No verkar det som om det er vi som er syndebukkane, seier Arne Ljotebø, formann i fotballgruppa i Vadheim.

Vert fortvila

Ljotebø viser til at krinsen meiner Vadheim/Høyang II ikkje var villige til å få avvikla kampen på eit annan tidspunkt.

Han meiner samstundes at Tempo/Florø II burde rykkje ned, og han er redd avgjerda vil skape presedens for framtidige situasjonar som liknar denne.

-Eg må seie at eg vert litt fortvila, seier Ljotebø.

Oppstryn ligg per i dag sist i 5. divisjon. Dei ville ha berga plassen dersom Tempo/Florø II vart degradert ein divisjon.

Nordfjordingane er sjølvsagt ikkje særleg nøgde med avgjerda til fotballkrinsen, og no vurderer dei å anke saka vidare til fotballforbundet.

-Det vert feil å la Tempo/Florø II sleppe så lett. Bryt ein reglane, skal ein ikkje sjå mellom fingrane med det. Om kampen hadde blitt spelt, og Tempo/Florø II hadde vunne, ville det bety mykje for oss, seier trenar Terje Guddal i Oppstryn.

-Kraftig lærepenge

Guddal opplyser at klubben i går kveld skulle ha møte på om dei vil anke saka vidare oppover i systemet.

Det er ikkje fotballkrinsen uroa for. Styret ser problemet med presedens, men meiner kvart einskild tilfelle skal vurderast for seg.

-Styret måtte ta omsyn til dei andre laga. No bør dette vere einkraftig lærepenge for andre lag i seriesystemet. Slikt kan snu opp ned på tabellen, seier Myklebust.

Og det kan framleis verte utgangen på problemstillinga. For sjølv om krinsen har komme med sitt vedtak, står alle laga i divisjonen fritt til å anke til forbundet.

Om dei tek ein eventuell anke til følgje, kan det ende med ein heilt annan tabellsituasjon - og det vil få konsekvensar særleg for laga i toppen og i botnen.

-Kinkig problem

-Du er ikkje den første som ringjer meg om denne saka, sukkar Thor Grønnerud i fotballforbundet.

-Det er ei kinkig problemstilling, og styret i Sogn og Fjordane Fotballkrets har lagt vekt på at dei andre laga ikkje skal lide under dette. Og det er vel ikkje ukjent for media at nokre slepp billeg unna også elles i samfunnet, seier han.

Svein Olav Myklebust er oppteken av at det ikkje er fotballkrinsen som er problemet i saka.

-Her er det Tempo/Florø II som har sett både seg og dei andre laga i ein vanskeleg situasjon. Vi kjem berre inn som siste instans, og vi er pålagde å løyse dette. Vi hadde fleire løysingsalternativ, men i dette tilfellet var det ikkje mogleg å finne ein vinn-vinn-situasjon. Eg meiner styret har handsama dette på beste måte, seier den administrative leiaren.

Florø aksepterer avgjerda

Krinsen får iallfall støtte frå Florø. Der er dei nemleg særs glade for avgjerda, og meiner den er til beste både for fotballen og breiddeaktiviteten.

-Vi prøvde i lang tid å finne ei løysing saman med Vadheim/Høyang II, utan at det gjekk. Grunna skader og sjukdom kunne vi ikkje stille lag. Vi aksepterer fullt ut avgjerda, og betalar bota - sjølv om den svir, seier dagleg leiar Trond Hansen.

-Eg innrømmer at det er uheldig at ein klubb ikkje møter til to kampar i ein sesong, presiserer Hansen.

«Eg vert litt fortvila»

Arne Ljotebø, formann Vadheim