21-åring skal erstatte Sigthorsson

Førde si nyerververing Gojko Ivkovic (t.v.) saman med Knut Erik Folland.

Førde si nyerververing Gojko Ivkovic (t.v.) saman med Knut Erik Folland. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Førde IL Fotball har signert lovande midtstoppar med fortid i Viking og Brann.

DEL

Gojko Ivkovic (21) har i lang tid vore eit stort talent, og har trass sin unge alder vore i Tippeligaklubbar som Brann og Viking.

Ungt talent

– Eg var visstnok eit bra talent som unggut, og eg trente lenge med Brann sin A-tropp. Etter det var det overgang til Viking kor eg spelte trenings- og cupkampar. Men det vart aldri seriekampar for verken Uwe Rösler eller Åge Hareide, seier Gojko som den siste sesongen har spelt for 2. divisjonsklubben Åsane i Bergen.

Kontrakten signert

– Klubbane har komme til semje, og vi har også signert personleg kontrakt. Og viss postgangen er normal, skal Gojko Ivkovic vere speleklar for oss førstkomande helg, seier administrativ leiar i Førde il Fotball, Jo Inge Gåsvær.

Duellsterk

Trenar Knut Erik Folland er klar i si vurdering av den nye midtstopparen.

– Dette er ein spelar eg har hatt i kikkerten i fire år. Eg har fått svært gode referansar på han, ikkje minst frå Egil Østenstad i Viking, seier Folland og er glad for at Åsane har latt Gojko Ivkovic gå frå klubben eit år føre kontrakten hans går ut.

– Det set vi utruleg stor pris på, og Magnus Johanson har på den måten gjeve oss ei handrekning, seier Folland og håpar den nye stopparen skal fylle tomrommet etter Elmar Dan Sigthorsson og Ruben Holsæter.

Artikkeltags