1000 på Storehesten opp

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

I overkant av 1000 personar gjekk laurdag fjell-løpet Storehesten Opp i Gaular. Arrangørane hadde budsjettert med 300.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

-Det her var ein knakande suksess. Det heile gjekk over all forventing, seier arrangør Helge Kårstad.

Budsjettet vart lagt opp etter 300 deltakarar, og arrangørane håpte på å komme opp i 500.

-Det er klart at dette gjev meirsmak. Neste år kan vi satse mykje hardare, seier Kårstad.



68 minutt opp


I konkurransen vann bergensaren Jon Tvedt frå Gular IL med 68,04 minutt, nesten fire minutt framfor nestemann.

Beste lokale løpar vart Bjarne Nes frå Sogndal med tida 72, 16.

Beste kvinnelege løpar vart Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre IL med 90,05 minutt.

Artikkeltags