To Førde-lag tok seg til Oslo laurdag, på jakt etter edelt metall. Både volleyballdamene og herrane hadde spelt seg til kvar sin cupfinale, og håpet låg der for ein dobbel, som i 2019.

Den draumen rauk i første finalekampen, då førehandsfavoritten Koll vart for sterke for Førde-damene. Til slutt stod det 3–0 i sett.

Då herrane skulle i elden, var det dei som starta best. I første sett vann dei 25–23 i eit særs jamt sett.

Jamt vart det også i det neste, men då var det TIF Viking som tok settet med siffera 27–25. Også det neste settet måtte Førde sjå ryke med 26–24.

Med det var det kniven på strupen for Førde, skulle dei få med gull i ein av finalane. Dette vekte truleg noko i dei, for etter å ha vunne 25–21 i fjerde sett, var laga tilbake til scratch.

Også siste settet vart særs spennande. Etter å ha følgt kvarandre, vann derimot TIF Viking stil slutt 15–11.

Dermed måtte både herrane og damene til Førde sjå at gullet glapp.

Firda kjem tilbake med meir frå kampen.

Karoline frå Førde er noregsmeister for fjerde gong

Førde tapte i thrillerkamp. Kaptein Jenny: – Viser at vi kan yppe oss mot dei