Terningkast 5: Warhammer tek opp kampen med World of Warcraft

DAG 1: Warhammer Online: Age of Reckoning har vore ute nokre månadar. Dette skjermbiletet tok vi heilt i byrjinga, rett etter at vi hadde laga vår første kaos-orienterte karakter.

DAG 1: Warhammer Online: Age of Reckoning har vore ute nokre månadar. Dette skjermbiletet tok vi heilt i byrjinga, rett etter at vi hadde laga vår første kaos-orienterte karakter.

Artikkelen er over 10 år gammel

PC: Warhammer Online byr på ei stor verd, med mange eventyr og store kampar - med og mot andre spelarar.

DEL

Ein kan ikkje omtale Warhammer Online - Age of Reckoning utan å nemne World of Warcraft. For sjølv om denne nykomaren har mange triks i ermet, er WOW med sine over 10 millionar spelande sjølve definisjon på eventyrspel på Internett.

På mange måtar er Warhammer Online lik mykje av det vi har sett før. Ein kan lage ein helt og gjere enkle oppdrag, heilt til ein når nok opp i nivå til å gå i grupper - og til slutt raid. Målet er å skaffe seg pengar, status og utstyr som ingen andre i verda har.

Vi har to partar som kjemper om landet, den eine samansatt av for det meste menneske, alvar og dvergar, medan den andre parten omfattar mennsker på kaos-sida, troll og grønhuda småtroll - i mangel av eit betre namn. Det er fristande å kalle den eine sida god og den andre ond, men her er det store gråsoner.

Gode gamle Warhammer
Spelet er tufta i rollespelet Warhammer, så det har lange tradisjonar. Heldigvis treng ein ikkje så mykje kunnskap om universet for å glede seg over spelet.

Verda er stor med masse mennesker og andre raser. Det er alltid noko å gjere, og oppdraga er ulike frå rase til rase.

Kampsystmet er rimeleg tradisjonelt for sjangeren. Ei menylinje i botnen av skjermen styrer sverdslag og magiske åtak - og ein får stadig fleire knappar å velje mellom i tråd med at ein stig i nivå. Det er lite resirkulering av eigenskapar så ein vert verkeleg sterkare og betre utstyrt, etter kvart som ein går opp i nivå.

40 nivå
I motsetting til mange andre spel av denne typen kan ein berre kome til nivå 40. Til gjengeld tek det snart lang tid å klatre frå grad til grad.

Heldigvis er det lite grinding, dvs. einsformig dreping av fiendar utan å ha noko anna i tankane enn å få meir erfaringspoeng. Det er mange oppdrag, og ein kan få poeng ved å delta i kampar med andre spelar i eigne kampsoner. Gjer ein mykje skade på fienden får ein ekstra poeng, noko som held trykket oppe.

Lag mot lag
Warhammer Online legg stor vekt på kampsoner og kampområde der fleire spelarar kan kjempe anten med eller mot andre. Dette er også den mest vellukka delen av spelet.

Ein treng ikkje vente lenge dersom ein vert lei av å gjere oppdrag åleine. I kvar sone finst det fleire kampområde som ein kan melde seg på ved eit klikk oppe i høgre hjørne på skjermen. Med ein gong kampen er i gang vert ein flytta til kampstaden. Etter at kampen er over er ein attende omtrent der ein var før kampen tok til. Dette er svært praktisk.

Lage eige utstyr
Som i andre spel av denne typen er det mykje å finne av utstyr og våpen, samstundes kan ein lage sitt eige utstyr i form av medisin og amulettar som gir styrke og kløkt. Det er meir krevande å lage ting enn i mange andre onlinespel, men til gjengjeld kan ein vere heldig når ein lagar noko, og ende opp med noko betre enn ein kunne venta.

Grafikken er flott og animasjonane er fine, men samstundes er det ikkje heilt på høgde med nyare PC-spel. Landskapet framstår som meir gjennomført enn karakterane som kan verke litt for like frå karakter til karakter. Det er ikkje noko som trekk ned, meir ein observasjon.

Detaljert
Spelet framstår grafisk som mykje meir detaljert enn WOW, men ikkje på langt nær så tiltalande som Age of Conan. Lydbiletet er heller ikkje revolusjonerande, men det får jobben gjort.

Det er uannsett mykje pent å sjå i Warhammer Online, og det er stor variasjon mellom dei ulike kampstadane.

Konklusjon
MMORG - eller store rollespel på Internett for mange spelarar - er ikkje mangelvare, men Warhammer Online er framleis ikkje overflødig. Det har eit spennande univers med mange gode kampområde for einslege spelarar så vel som store grupper.

Warhammer Online er på sitt beste når ein kjempar mot andre spelarar, sjølv om det ikkje er så langt bak WOW når det gjeld oppdrag for einslege eventyrarar. Prøv Warhammer Online i ein månad - kanskje kan det vere eit alternativ til WOW for akkurat deg.

Artikkeltags