Gå til sidens hovedinnhold

"Vice City" på PC

Artikkelen er over 18 år gammel

I dag er ventetida over. "Grand Theft Auto - Vice City" er ute på PC.

"Grand Theft Auto" har skapt mykje debatt i media, men Rockstar Studios har ikkje brukt tida på å angre syndene sine. Sidan PS2 utgåva av "Vice City" har dei gjort mykje med å utbetre grafikken og finjustere spelet.

Modellane er betre og spelet tek i bruk grafikkrutinar som krev for mykje av ei PS2-maskin. "Vice City" framstår som eit reinare spel enn " PS2"-utgåva. Maskinkrava er overkomelege, men noko mindre enn 1,3 Ghz prosessor og 32 MB grafikkort er ikkje tilrådd.

I "GTA - Vice City" tek spelaren rolla til ein kriminell. Handlinga er sett til ferieparadiset Vice City på 80-talet. Spelet tilbyr ein unik fridom der spelaren står fritt til å gjere kva han vil. Enten det er å køyre ein tur i "lånt" bil, eller skape uro i gatene.

Spelet har aldersgrense 18 år, og vert ikkje tilrådd sarte sjeler.