Terningkast 5: Verdas skumlaste skytespel

TO ORD: Alma. Frykt.

TO ORD: Alma. Frykt.

Artikkelen er over 10 år gammel

PC/PS3/Xbox 360: Fear 2: Project Origin er eit frykteleg valdeleg spel som elskar å skremme.

DEL

Alma. Det er eit namn som får det til å gå kaldt nedover ryggen. For alle som prøvde det første Fear-spelet, var Alma både skremmande å sjå til, og dødeleg. Ho minna om gjennferdet frå den japanske grøssaren The Ring, og hadde i tillegg fryktelege psykiske krefter, som fekk Stephen King sin klassiske pyroman Carrie til å bleikne.

Ny soldat
Fear 2 tek til ein liten time før det første spelet slutta. Ein spelar med andre ord ikkje den same personen, sjølv om det ikkje er den heilt store forskjellen. Ein er framleis soldat i F.E.A.R-styrken, og oppdraget er framleis å stoppe Alma og dei som skapte ho. Og det krev store våpen, masse ammo og svært mange skotvekslingar i trange korridorar.

Sakte film
Fear 2 tviheld på sakte film (tenk Matrix) og ein kan når som helst (i nokre få sekund om gangen) bruke helten sine raske refleksar. Dette gjer ikkje spelet lettare, men det gjer spelet rettferdig. For fiendane er smarte nok til å bruke miljøet og fleirtalet til sin fordel. Dei kan lure seg bak deg, angripe frå kvar si side, eller ta dekning. Det gjer det heile svært vanskeleg for ein einsam soldat.

Vi kan ikkje leggje skjul på at det er svært morosamt å få overtaket i kampen. Eksplosjonar og flaksande fiendar er rett og slett fantastisk god underhaldning i sakte film.

Ikkje så krevande på PC
Det første Fear kan samaliknast med Crysis då det kom ut i 2005. Det var krevande å drive sjølv for dei kraftigaste skjermkorta på den tida. Heldigvis er Fear 2 litt mindre kravstor og går glatt på dei fleste moderne skjermkort. Djupe skuggar, flytande animasjonar og detaljerte menneske (og monster) krev ikkje meir enn ein rimeleg prosessor og eit skjermkort i mellomklassen.

Men sjølv om Fear 2 er nydeleg på ein god PC, skal ein nær flatskjermen for å sjå den heilt store forskjellen på konsoll-versjonane. Skremd blir ein uannsett.

Det er ikkje så veldig mange ulike fiendar, men dei som er der er varierte nok til å framtvinge ulike spelestilar. Det må og nemnast at det frå tid til annan er mogleg å bruke vandrande tanks for å skyte seg gjennom tunge parti, sjølv om dette er ein mindre del av spelet.

Konklusjon
Fear 2: Project Origin passer ikkje for lettskremde eller dei som ikkje toler å sjå blod. Det er eit spel for godt vaksne med raske refleksar og kalde nervar. Det er meir variert enn det første spelet, har betre grafikk og ei meir engasjerande historie. Likevel er det ikkje så samanhengande og episk som mange andre moderne actionspel. Men når det gjeld rein action, er det heilt på topp.

Artikkeltags