Terningkast 4: Trua på høge fall

NÆRKAMP: Faith er like eksplosiv når ho kjempar mot politiet, som når ho hoppar frå tak til tak.

NÆRKAMP: Faith er like eksplosiv når ho kjempar mot politiet, som når ho hoppar frå tak til tak.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

FLEIRE FORMAT: Mirror's Edge balanserer mellom klassisk action og moderne akrobatikk. Samstundes er det er nyskapande i ein bransje der oppfølgjarar er meir vanleg enn nyskaping. Fallhøgda kunne vore stor.

DEL

Mirror's Edge er eit actionspel utanom det vanlege. I staden for feite våpen og skotsikre vestar, er det fart og god balanse det einaste som kan redde dagen. Hovudpersonen Faith er ein "Runner" - ein bodbringar - som spring frå tak til tak, i staden for å fortauet som folk flest.

Spelet er satt til nokre år inn i framtida, men det er lite som tyder på at samfunnet er noko meir moderne enn no. Den største forskjellen er at "storebror ser deg" - overvaking og lite respekt for personleg fridom er stikkord.

Klassisk handling
Mirror's Edge tek ikkje så mykje stilling til kva framtida bringer, men handlar meir om Faith si jakt på rettferdigheit. Ho må reinvaske ein av sine næraste, og tida er ikkje på hennar side.

Hovudpersonen Faith framstår som ein kjedeleg figur i dei mange mellomsekvensane, men straks ein får kontroll over ho vert det heile meir interessant. I action er ho langt smidigare enn Lara Croft, i nærkamp overgår ho lett Solid Snake. Det er først når ein skal plukke opp våpen at begrensingane set inn.

For sjølv om Faith kan klatre, hoppe og skli og gjere dei mest ekstreme stunt på denne sida av Jackass, er ho ikkje så god til å bruke våpen. Men når det er så spennande å hoppe frå tak til tak, så gjer det lite at det er mogleg å kome seg gjennom spelet utan å avfyre eit skot.

Flott, men einsformig
Grafikken i Mirror's Edge er kanskje litt mindre variert enn det som er vanleg i dag. Byen er både stor og fin med mange spennande innandørsbrett, men framleis er det ein fargepalett som går igjen. Rett nok er ein stort sett for oppteken med å springe frå politi og sikkerheitsvakter, til å tenkje over noko som helst.

Lydbiletet er godt integrert i handlinga, og det er alltid forfriskande å høyre vinden piske kring øyra, når ein dett mot den sikre død - noko som skjer ofte.

Konklusjon
Mirror's Edge er ei adrealinbombe av eit spel med flotte animasjonar og høgt tempo. Det er kanskje ikkje for alle, men kan til tider vere både spennande og engasjerande. Det vert heldt attende av ei litt traust historie, samtidig som det berre er for ein spelar.

Det Mirrors Edge lykkast best med er å skape ein hovudperson som ein faktisk føler ein ser gjennom augene på, og har full kontroll over. Noko som gjer eit fall frå 300 meters høgde til ei heller traumatisk oppleving...

Mirrors Edge er ei adrealinbombe av eit spel med flotte animasjonar og høgt tempo.

Artikkeltags