Terningkast 5: Spennande undergang

ACTION: Skjermen vert til tider stappfull av fiendar og allierte styrkar. Då er det viktig å tenkje seg godt om.

ACTION: Skjermen vert til tider stappfull av fiendar og allierte styrkar. Då er det viktig å tenkje seg godt om.

Artikkelen er over 11 år gammel

DS: "Advance Wars: Dark Conflict" er noko så sjeldan som eit strategispel på Nintendo DS. Det er ikkje like avansert som liknande spel på PC, men sanneleg ikkje langt unna.

DEL

Verda har gått under og ein ung gut kryp fram frå ruinane. Han vert oppdaga av den godhjarta Kaptein Brenner og vert med på sitt livs eventyr. I lag kjemper dei mot lovlause bandittar, ein fiendtleg nasjon og ein mørk ukjend fiende.

Handlinga vert for det meste presentert mellom dei ulike kampane og berre av og til inne i sjølv kampsekvensane. Det er elles litt synd at det er engelsk tekst og ikkje norsk. Men, det er uannsett strategi det handlar om.

Flotte kampar
Og det er her "AW: Dark Conflict" verkeleg tek av. Sjølv om det er enkelt i forhold til mange liknande spel på PC og konsoll, så er det uannsett eit fullverdig strategispel. Her er alt ein kan håpe på: Mange ulike styrkar med ulike fordelar og ulemper.

Forsvarsposisjonar som gjev ein fordelarm og hindringar i landskapet som ein må ta høgde for. Dessutan er datamaskina ein dyktig motstandar og dei ulike oppdraga er varierte nok til at det ikkje blir kjedeleg.

Tek litt tid
Det tek rett nok halve spelet før ein er ferdig med opplæringa og har fått alle styrkane ein kan bruke, men med mange sideoppdrag og nokre krevande sluttbrett er dette naudsynt.

Vi kunne skreve side opp og side ned om dei artige luftkampane, eller om korleis båtar, kampskip og rakettsoldatar kan brukast mot kvarandre på best måte. Men det heile er i bunn og grunn enkelt. Dei største kostar meir og er treigare, medan dei minste er raske men toler lite.

Passe flott
Grafikken er ikkje overveldande og nokre av dei ulike styrkane ein har ser litt like ut. Det er aldri eit problem sidan den andre skjermen syner all informasjon ein treng om den ein har valt, men litt meir ulikskap hadde ikkje skada. Sjølve bretta er flate og det er ikkje så mykje meir ved dei.

Ulike terrengtypar har skiftande grad av vern mot andre fiendar og det kunne kanskje vore litt lettare å skille dei frå kvarandre, men det er ikkje noko stort problem. Lydbiletet er ikkje så frykteleg avansert og musikken kan det vere greit å skru ned, eller helst av.

Det er mogleg å lage baner og spele mot andre også via nettilkopling. Dette gjer spelet ein svært lang varigheit. Gjerne like lenge som noko anna spel, kanskje med unntak av World of Warcraft og liknande onlinespel.

Konklusjon
Det meste fungerer i "Advance Wars: Dark Conflict". Kampane er aldri kjedelege og det er ein nydeleg flyt i måten ein sloss på. Handlinga er spennande nok til at ein vil kjempe vidare, sjølv mot overveldande odds. Spelet kan vere litt vanskeleg av og til, men dersom ein tenkjer seg godt om ved starten av kvar kamp så kan ein få eit overtak tidleg.

Artikkeltags