Terningkast 6: Skremmande bra

SPRUDLANDE PERSONGALLERI: Left 4 Dead tek til med ein opningsvideo, men det er spelbarheita som løftar det inn i zombiespel-himmelen.

SPRUDLANDE PERSONGALLERI: Left 4 Dead tek til med ein opningsvideo, men det er spelbarheita som løftar det inn i zombiespel-himmelen.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

PC/XBOX 360: Frå Valve, skaparen av Half Life 2, kjem horrorspelet Left 4 Dead.

DEL

Left 4 Dead byr ikkje på noko djupare handling. Som ein av fire overlevande må ein kjempe seg ut av byen og vekk frå dei udøde som har teke over. Ein får aldri vite kven som står bak, eller korleis ein skal få orden på sakene. Det einaste som betyr noko er eit godt sikte og ein rask avtrekkar.

For det handlar om å overleve og det handlar om å vere der for kvarandre. For ein kan ikkje spele Left 4 Dead åleine: Tanken er at fire venner skal kunne spele i lag over nettet, sjølv om det også er mogleg å spele åleine - men då med datamaskina som vikar for dei andre overlevande.

Artige karakterar
Persongalleriet i Left 4 Dead er strålande: Vi har den aldrande krigsveteranen Bill, den tøffe Francis, biker-baben Zoey og den meir alminnelege IT-teknikaren Louis. Alle har dei replikkar som fargar den kalde zombie-infiserte verda.

Våpengalleriet er ikkje så stort, men alt frå hagle til sniper-rifle og automatvåpen er representert. I tillegg byr spelet på grantar, brannbomber og nok av andre eksplosive ting å skyte på - når ein treng å verkeleg gjere skade på fienden.

Teknisk fulltreffar
Left 4 dead er ei teknisk perle. Sjølv om det kan verke som eit litt lite spel på grunn av få val og eit ganske tynt plot, er det eit skuleeksempel i bruk av kunstig intelligens og hektisk action.

Fiendane er ikkje så veldig smarte, men dei oppfører seg som ville hundar og kan jobbe i lag for å overmanne spelarane. Spesielle fiendar snik seg innpå frå skuggane, og ein er aldri trygg.

Flott å sjå til
Half Life 2-motoren som driv spelet ser ikkje ut til å bere preg av alderen. Den spyttar villig ut flotte bymiljø og skumle skoglandskap i stort tempo. Skremmande lydar og dyster musikk er med på å løfte Left 4 Dead fleire hakk.

Det må nemanst att nettverksløysinga i Left 4 Dead er omtrent så bra som det blir - både når det gjeld stabilitet og brukarvennlegheit. Ein er aldri meir enn eit par klikk unna eit slag med ein eller fleire venner. Dette er sjølvsagt viktig i denne type spel der eit dårleg nettverksystem kan øydelegge for fleire.

Ikkje så langt
Left 4 Dead er delt i fire kapittel, og det tek ikkje mange timane å spele i gjennom. Ettersom poenget er å spele med venner - og overleve med stil, så er det kanskje langt nok. Fleire tøffe vanskegradar står også til disposisjon dersom det vert for lett.

Spele monster
For dei som har lyst å drepe overlevande er det mogleg å spele som dei spesielle udøde, som ein ofte er plaga med når ein spelar på den gode sida. Då er poenget å drepe dei overlevande før dei kjem seg til utgangen av brettet. Moro, men langt vanskelegare enn å spele på den gode sida.

Left 4 Dead har som mange andre nyare spel utmerkingar, som vert delt ut når ein klarer ulike ting. Det kan t.d. vere å spele gjennom eit kapittel med berre pistolar. Det gjer ikkje spelet betre, men det er no kjekt å skryte til venner med kva ein har fått til.

Konklusjon
Left 4 Dead er ikkje berre eit bra actionspel, det har også det lille ekstra som får ein til å vende attende - og spele ein gong til.

Det er på sitt beste når ein spelar med venner, men sjølv åleine er dette eit spel som osar av kvalitet, og zombie-gørr.

Artikkeltags