Terningkast 4: Skremmande action i verdsrommet

BRUTAL ACTION: Dead Space er eit rått og brutalt spel for dei over atten år.

BRUTAL ACTION: Dead Space er eit rått og brutalt spel for dei over atten år.

Artikkelen er over 10 år gammel

PC: Dead Space er eit frykteleg valdeleg spel med mange grøss og gru.

DEL

Eit team med teknikarar verdt sendt inn for reparere eit romskip i det ytre rom. Vel framme vert dei tekne imot av utanomjordiske parasittar, som nyttar døde mennesker som farkost. Det er med andre ord ein dårleg dag på jobben.

På mange måtar er Dead Space eit klassisk skrekkspel på linje med Resident Evil, men framstår som lmeir panisk ettersom hovudpersonen berre er ein vanleg arbeidskar. Ein tek ikkje til med pumphagle eller laservåpen, men med tomme hender og raske bein.

Mykje action, men...
No får ein rett nok våpen fort og spelet er på mange måtar meir eit actionspel enn eit skrekkspel, men fiendane er verkeleg hardføre og våpengalleriet er noko utanom det vanlege.

Skal ein overleve må ein sikte godt og helst treffe fiendane i bein, hender og tentaklar - heilt til dei ikkje lenger kan bevege seg. Ammunisjon er mangelvare og ein kan ikkje leve evig ved å berre springe frå det onde.

Spelet er delt inn i fleire soner, og kvar har eigne visuelle utrykk og urfordringar. Anten ein er i eit av skipet sine sine mange seksjonar, eller utanfor i vakum med magnettstøvlar på - så er det alltid noko nytt å sjå og ein ny situasjon som må løysast. Det kan vere mangel på luft, ekstra farlege fiendar, eller ein kritisk feil på skipet som må fiksast før det krasjar i ein asteroide.

Praktiske problem
Dead Space er som sagt ikkje berre skyting. Ved hjelp av ein telekinetisk løftereidskap (kor no den kom frå) kan ein flytte ting som ligg i vegen, eller løyse ulike problem på skipet. Det er kanskje ikkje så spennande alltid, men det hadde vorte kjedeleg med berre skyting i ti timar.

Dead Space har nydeleg lyd, og for den som har ein sub (eller store høgtalarar) ståande så er uteseksjonane spesielt givande. Spelet held på filosofien om at det ikkje er lyd i vakum (anna ein buldring og pesing). Grafikken er også svært imponerande med gode animasjonar og flotte modellar.

Skal vi først finne noko negativt, så er det ikkje veldig motiverande å spele fleire gonger når ein har runda spelet. Sjølv om ein tek med seg både pengar og utstyr til neste runde, ligg sjokkeffekten i å møte nye fiendar.

Konklusjon
Dead Space er eit spennande spel med mykje god action. Det har farlege fiendar, eit godt kontrollsystem og ein skikkeleg mørk historie som får ein til å spele "berre litt lengre". Men det er ikkje for dei yngste, eller dei litt eldre med dårlege nervar.

Artikkeltags