Terningkast 5: Skateboard for vidarekomne

MORO: Skate 2 er eit omfattande spel med mange triks og mange område der ein kan konkurrere eller leike seg med brettet.

MORO: Skate 2 er eit omfattande spel med mange triks og mange område der ein kan konkurrere eller leike seg med brettet.

Artikkelen er over 10 år gammel

Xbox 360/PS3: Skate 2 held fram moderniseringa av skateboard-sjangeren.

DEL

Det er ikkje mangel på skateboard-spel, men får har klart å gjennskape ekstremsporten såpass ekte og engasjerande som Skate. I denne oppfølgjaren vert det heile teke til eit nytt nivå med mange fleire triks og eit nytt utvida kontrollsystem.

Som om ikkje det var nok kan ein sparke av seg brettet når som helst og springe opp trapper.

Dei første timane
Skate 2, som mange andre sportspel, tek til med å lage ein karakter. Ein har ikkje dei heilt store moglegheitane til å forme ansikt og kropp, men det ein manglar der, tek Skate 2 igjen med eit stort utval av t-skjorter, hettegensrar, jakker og dongeribukser.

Når karakteren er i boks vert ein kasta rett ut i byen. Frå første minutt må ein bevise for andre at ein er god nok til å klatre til topps i skatemiljøet. Dei første oppdraga er enkle og krev ikkje anna enn eit hopp eller to, men det tek ikkje lang tid før ein må meistre verre triks.

Dette får spelet til å framstå som litt tungt i byrjinga, men ein kan når som helst hoppe over eit oppdrag for å trene seg litt, eller gjere noko anna. Ein må uannsett meistre ulike triks for å få noko ut av Skate 2.

Flott å sjå til
Teknisk sett er Skate 2 flott å sjå til. Kameraet ligg lågt bak brettet. Skjermbiletet er litt falma i kantane som på eit rimeleg amatørkamera. Det er ein tøff effekt, som får ein til å føle seg som midtpunktet i ein heimelaga ekstremsportfilm.

Spelet har mange ulike parkområde, bakgater, gangvegar og liknande - der ein kan raile og trikse med eller utan oppdrag. Ein står for det meste fritt til å gjere det ein vil, og det er ikkje mangel på gatemeter. For området er stort, veldig stort.

Ein spake, mange triks
Kontrollsystemet i Skate 2 er godt gjennomtenkt. Omtrent samtlege triks vert utført med vridningar av den høgre analoge styrespaken. Hopp, flippar og meir avanserte triks kan gjerast utan store problem. Men det å bruke rett triks midt i ein poengkamp, er ikkje fult så lett og krev trening.

Konklusjon
Med mange spennande skate-område og eit hav av triks, er det vanskeleg å oversjå Skate 2. Det er kanskje meir krevande lære enn mange andre sportspel, men ein får att for den tida ein legg inn.

Frå første minutt må ein bevise for andre at ein er god nok til å klatre til topps i skatemiljøet

Artikkeltags