Terningkast 5: SideWinder slår til igjen

LEKKERT: SideWinder X6 er verkeleg flott å sjå til. Lyset kan justerast trinnlaust dersom ein vil ha meir eller mindre party-faktor på skrivebordet.

LEKKERT: SideWinder X6 er verkeleg flott å sjå til. Lyset kan justerast trinnlaust dersom ein vil ha meir eller mindre party-faktor på skrivebordet. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

PC/HARDWARE: Med SideWinder X6 tek Microsoft opp kampen med dei store spel-tastatur leverandørane.

DEL

SideWinder er eit kjært namn for mange som kjøpte speleutstyr til PC på midten av 1990-tallet. Det har vore stille i SideWinder-stallen dei siste åra, men no er X6 her og tek opp kampen.

Svart og skremmande
Med eit mørkt ytre og eit sjølvlysande indre er X6 eit design-tastatur som kan utfordre Logitech og Razer på heimebane. Det har kanskje ikkje LCD-skjerm eller USB-forgreining, men elles er det fullspekka av smarte løysingar, m.a.: Trinnlaust baklys, opptaksfunksjon, autopilot, todelt design (skrivedel/numpad), lysmerka W,A,S,D-tastar, samt ekstra store F-tastar.

Godt å skrive på
I tillegg er det svært godt å skrive på. For med så mange funksjonar er det lett å gløyme at den viktigaste funksjonen til eit tastatur er å skrive fort og presist, helst utan å bråke altfor mykje. X6 er eit flatt tastatur og har ein låg profil, noko som er godt for hendene, samstundes som det har gode faste tastar som er lette å treffe.

Vi liker spesielt godt storleiken på tastaturet. Det er ikkje spesielt stort og er ikkje plaga med unødige tastar som på mange andre tastatur. Skal vi prike på noko så må det bli den venstre Shift-tasten som er i minste laget (i motsettning til den høgre som er lang og fin).

Opptaksfunksjonen i bruk
Av alle funksjonane til X6 er opptaksfunksjonen den mest spennande.

Vi fyrte opp Warhammer Online, sprang til vårt første offer og trykte på "opptak"-knappen og "S1". Etter å ha vunne kampen avslutta vi opptaket . Deretter gjekk vi bort til neste offer og trykte "S1". Vi satte oss attende og venta eit lite minutt. Utruleg nok - vi hadde vunne kampen utan å gjere noko. Fantastisk.

No er ikkje X6 det første tastaturet med slik funksjon, men det kan ta opp veldig mange tastetrykk - noko som er mindre vanleg. Det er også mogleg å redigere opptak og leggje til nye tastetrykk inn i ferdige opptak, både lett og raskt.

Konklusjon
SideWinder X6 er rett og slett eit svært godt proff-tastatur til ein fornuftig pris. Om ein vert ein betre spelar på grunn av det stilige lyset og opptaks-funksjonen, det kan nok diskuterast. Men sjølv utan lys og opptaksfunksjonar er X6 eit bra tastatur. Eit av dei beste vi har prøvd.

Med eit mørkt ytre og eit sjølvlysande indre er X6 eit design-tastatur som kan utfordre Logitech og Razer på heimebane.

Artikkeltags