Terningkast 5: Paradis for raske bilar

PARADIS: Det er alltid ei utfordring på lur i Paradise City.

PARADIS: Det er alltid ei utfordring på lur i Paradise City.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Xbox 360/PS3: Burnout-serien tek turen til Paradise City; eit paradis for alle som likar å køyre fort.

DEL

Ikkje veit vi om Guns N' Roses hadde Burnout-serien i tankane, då dei framførte klassikaren "Paradise City" på albumet "Appetite for Destruction" i 1987. Uannsett går det kaldt nedover ryggen i det Slash sine klassiske riff bles ut av høgtalaren i opninga av Criterion Games sin nyaste racingspel for Xbox 360 og Playstation 3.

Treffsikker
Sjeldan, eller aldri har ei opning vore så passande. Det er derfor synd at resten av musikken aldri lever opp til forventingane frå opninga.

Levande by
"Burnout Paradise" er full av spennande løp og bilherping av ypperste klasse. Fysikkmotoren er berre best, og kvar einaste krasj blir synt i all si tyngde. Framparti vert trykt inn i førarsetet. Sidepanser og hekkespoilar vert pressa inn bakfrå. Det ser heilt vilt ut i sakte film. Det er fristande å krasje berre for å glise frå øyre til øyre av øydelegginga.

I tillegg er kontrollsystemet utruleg lett å lære, og ein kjenner seg aldri lurt av andre faktorar enn si eiga dømmekraft.

Variert
Det opne landskapet er imponerande med sine varierte vegar og skiftande utfordringar. Vi likte spesielt godt dei nye stunt-utfordringane, der det er om å gjere å hoppe, skrense og knuse skilt og andre landemerke for poeng.

Bilane er delt i ulike klasser for stunt, racing og takedown (knusing av andre bilar). Det er ikkje dei heilt store skilnadane på dei beste bilane i dei ulike klassene, men ein hard takedown-bil er ein farleg motstandar for andre mindre bilar. Nokre av bilane har eigne utfordringar, som igjen fører til nye premiar dersom ein klarer dei.

Nye bilar får ein ved å klatre i gradane, ved å vinne fleire av utfordringane som ein finn ved kvart einaste vegkryss, eller ved å krasje andre spesielle bilar som er på gjennomreise i byen. Litt synd at bilane ikkje har ekte namn. Men då hadde dei vel ikkje vore så spreke heller?

Krev engasjement
Det einaste vi har å utsette på "Burnout Paradise" er at det krev litt meir av spelaren. Ein treng ikkje leite lenge for å finne utfordringar, men ein blir ikkje kasta ut i dei heller. Eit minus (som gjer spelet meir realistisk) er at ein må køyre attende til start dersom ein tapar ein konkurranse og vil prøve på nytt. Den neste er rett nok berre femti meter lengre framme, men likevel.

Online-delen er kopla rett inn i sjølve spelet og eit trykk på d-paden er alt som skal til for å spele mot venner på nettet. Rett og slett utruleg bra. Sjølv om ein kan bli litt forvirra over kva ein skal gjere når ein først er der.

Konklusjon
Det er mange gode grunnar for å prøvekøyre "Burnout Paradise". Axl Rose si enkle oppfordring "Take me home", er kanskje ei av dei beste. Det er litt synd at ein må kople seg til via Xbox Live for å spele mot andre, men elles er "Burnout Paradise" eit av årets mest spennande bilspel.

"Burnout Paradise" er eit av årets mest spennande bilspel

Artikkeltags