Terningkast 4: Nyskapande skytefest

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

WII: Med Overkill tek Sega House of the Dead-serien i ein heilt ny rettning.

DEL

House of the Dead Overkill opnar med ein fagleg forklaring på ordet "overkill", og deretter er det berre å gripe Wii-kontrollen og plaffe laus på udøde monster, morderiske legar og karnevalfolk - og sjølvsagt store fæle bossar.

Klassikar
House of the Dead-serien går langt attende og sjølv om dei fleste spela i serien ikkje har vore særleg seriøse i si tilnærming til skyting av hjernedøde fiendar, er Overkill ein frisk pust.

I beste Quentin Tarentino-stil kjem upassande kommentarane på rekkje og rad. Spelet sine to hovudpersonar (ja, to kan skyte på zombiar samtidig med kvar sin Wii-kontroll), er hardbarka og blotta for moral og medkjensle.

Hard språkbruk
Banneord står i taket og ord som hemn og dreping sit laust. I tillegg er det ein sjuk kommentator som mellom kvart brett legg på hardt og tungt i beste B-film frå 60-tallet stil. Det heile er toppa med funky musikk (for sikkerheits skuld blanda med replikkar frå spelet).

Det heile vert ein eksplosjon av hardtslåande gladvald, raske panoreringar og mange, mange skotvekslingar. Ein hoppar frå sjukehus til tivoli, gjennom eit tog og inn i ein sump, heilt til den hardtslåande finalen i eit fengsel, som vil få Prison Break-gjengen til å springe skrikande mot murane.

Flott å sjå til, på sin måte
Wii er ikkje den kraftigaste spelkonsollen når det gjeld grafikk, men i staden for å prøve å skjule dette trykker Overkill til med utvaska grafikk og kornette støyfilter i beste VHS-stil, med knitring i lyden og tilfeldige flekkar og striper i biletet.

Det kunne gått ille, men det er faktisk med på å heve opplevinga.

Kort
Sjølv om spelet er kort er det mogleg å spare opp pengar for å skaffe seg betre våpen og låse opp ulike bonusting. Spelet har også ein ekstramodus, der ein kan spele gjennom ein utvida versjon av kvar av bretta - då med fleire fiendar.

Det er også med nokre bonusbrett der ein kan skyte på blink, eller overleve eit tal runder, men dette er kort og også litt meiningslaust.

Konklusjon
HOTD: Overkill er eit vilt skytespel, med meir gørr og guff enn i sjølv den råaste splatterfilm. Det er kort og merkeleg, med eit frykteleg og usmakeleg sluttpoeng.

Likevel klarer det å halde den gylne linja mellom underhaldande og usmakeleg - samstundes som det er moro.

Overkill klarer det å halde den gylne linja mellom underhaldande og usmakeleg

Artikkeltags