Terningkast 5: Ny spennande Battlefield

GODT SELSKAP: Ein er aldri åleine i Battlefield: Bad Company. Dei andre soldatane hjelper til når det trengs.

GODT SELSKAP: Ein er aldri åleine i Battlefield: Bad Company. Dei andre soldatane hjelper til når det trengs.

Artikkelen er over 11 år gammel

360/PS3: Battlefield: Bad Company er det nyaste tilskotet til Battlefield-serien. Det er også det første med handling.

DEL

Battlefield: Bad Company er temmeleg likt Battlefield på PC, men det har som sagt ei handling. I staden for å spele store slag med titals andre spelarar frå alle kantar av kloden kan ein no kjempe i eige tempo mot datastyrde fiendar.

Som nyaste medlem i eit lite kompani soldatar vert ein kasta rett ut i ein fredsbevarande operasjon. Etter nokre rutineoppdrag der ein får prøve seg på nokre einsame fiendar, vert det fort alvor. Det tek ikkje lang tid før store konfrontasjonar og større krigsmaskiner brakar saman.

Tøffe karar
Alle medsoldatane er tøffe i kjeften og kjenner ikkje frykt. På mange måtar minner spelet om ein beintøff actionfilm teke rett ut av den barske enden av 80-tallets Hollywood, krydra med moderne våpen og glimt i auget.

Karakterane er fargerike, sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å få med seg alle dialogane. Øyresus, dommedagsbass og lyden frå maskinvåpen må ta litt av ansvaret.

Det at handlinga utspelar seg i notida gjer at ein har mange spennande våpen som ein kan sleppe laus på fienden.

Online
Det er ikkje Battlefield utan at ein kan spele med andre mennesker via internett, og med opp mot 24 spelarar på Xbox Live, er det ingen fare for at ein skal måtte kjempe åleine.

Vakkert og stort
Battlefield: Bad Company er eit vakkert spel og kan måle seg med det meste i denne generasjonen. Realistiske miljø og emna til å sprenge ting til himmels, både tre og murstein, får det heile til å verke enno meir livstrugande.

Ein kan aldri heilt slå seg til ro, noko vi kan tenkje oss stemmer bra med det å vere i ein ekte kampsituasjon.

Spelet har ein fin flyt og det har ein ganske jamn vanskelegheitsgrad. Ein vert sjeldan ståande fast og lure på kva ein skal gjere for å kome seg vidare.

Konklusjon
Battlefield: Bad Company er eit artig kampspel med nok variasjon til å få det til å stå ut frå mengda. Det er ope og hektisk på ei og same tid, noko som ikkje er heilt lett å få til. I tillegg har det ein avansert grafikkmotor som får ein til å glise frå øyre til øyre.

Battlefield Bad Company er ope og hektisk på ei og same tid

Artikkeltags