Terningkast 3: Mørk pang pang underhaldning for storebror

SLEIP FYR: Bossane har rare stemmer og toler meir enn vanlege fiendar.

SLEIP FYR: Bossane har rare stemmer og toler meir enn vanlege fiendar.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

WII: "House of the Dead 2 & 3" går til åtak på Ninteno Wii. Men er to skytespel betre enn eitt?

DEL

Det er kanskje ikkje så mange som har prøvd spel som Area51 og House of the Dead 1 i ein ekte spelhall. Men dei som har veit opplegget: Ein får ein pistol kvar og kan fyre laus på ein stor skjerm mens fiendar dukkar opp, eller kjem springande mot deg. Denne type spel er sjeldan kost, men no takka vere peikaren til Nintendo Wii er det klart for action.

House of the Dead 2 & 3 er samling av to heller små skytespel. Ei syltynn historie dreg ein gjennom eit sett med baner, der tallause zombiar og andre monster kjem springande mot deg. Målet er å skyte dei før dei får satt tennene i deg.

Spelet er lagt opp til at ein får meir utbytte av det ved å ha ein Wii-Zapper eller liknande tilkobla elektronisk pistol, men det er fult mogeleg å bruke den vanlige konsollen, dette for 1 eller 2 spelarar.

Spelet i seg sjølv er hovedsakelig eit veldig blodig, mørkt og er ikkje spelande for born under aldersgrensa (16 år). Det inneheld nemleg mykje blod, skyting, skriking og andre horrible bilete og situasjonar. Meir jo lengre ut i spelet ein kjem. For ein 16-åring, eller nokon eldre, kan dette spelet være ganske artig. Ein får skyte av seg litt frustrasjon på same tid som ein kan bli litt skremd.

Lett å spele
Spelet er engelsk-språkleg med svært lette forklaringar og dialogar, som utviklarane anten har brukt svært lita tid på, eller har laga som rein humor for å skilje litt mellom all volden og gørret. Dette gjer spelet igjen lettare motakeleg for folk som ikkje vil bli fastlåst til all gørren.

Du kjem rett inn i spelet fra starten. Alt du må gjere er å sikte på monstera og fyre laust. Når du går tom for kuler er det berre å lade på ein utruleg lett og kjapp måte, deretter er det berre å fyre laus igjen. Banene er små og ein får velje framgangsrutene undervegs, men hovedsakleg blir ein automatisk ført gjennom banene. Alt du treng å gjere er å fokusere på å lade våpenet og skyte.

To like
Den einaste forskjellen mellom spel nr 2 og 3 er grafikken og plasseringa. Dette vil sei at ein får eit nytt sett med baner og litt betre utsjåande på monsertera.

Konklusjon
Dett er ei heilt grei samling der du får full utbytte for spelekonsollen. Ekstra moro er det å spele i lag med ein venn i eit mørk forlatt rom, gjerne med ei litt lettskremd venninde.

Ei handling der ein har blanda grøss, vold og humor alt i eit, og ein får seg ein real utfordring med spelet pga du ikkje har moglegheit til å save game. Så vi kan konkludere med eit lykke til, pass på ammoen din og fyr laus eller bli spist.

Artikkeltags