Terningkast 6: Meir action for kraftige maskiner

DET FLOTTASTE SPELET? Crysis Warhead er flottare å sjå til enn det første spelet. Landskapet har om mogleg fått enno meir variasjon og detaljrikdom.

DET FLOTTASTE SPELET? Crysis Warhead er flottare å sjå til enn det første spelet. Landskapet har om mogleg fått enno meir variasjon og detaljrikdom.

Artikkelen er over 10 år gammel

PC: Crysis Warhead er kanskje det andre spelet i serien, men det tek ikkje handlinga vidare. Mengda med action, tek det derimot fleire steg vidare.

DEL

Det første Crysis var flott å sjå til for dei som hadde maskin til å drive det, men det var ikkje så veldig fokusert. Sjølv om det var mange spennande kampar var det sjeldan at ein vart sliten av å springe frå kulene.

Crysis Warhead derimot er ein kortare og meir intens tur attende til Crysis si flotte ved.

Ny helt
Sersjant “Psycho” Sykes er den nye helten, og sjølv om ein fekk sjå litt til han i det første spelet, så er det først no ein får vite kva han gjorde under dei dramatiske timane då alt skjedde. I dei korte timane spelet varer jaktar ein på soldatar og flygande romvesen - i eit kappløp om å sikre seg eit hemmeleg våpen som fienden har fått tak i.

Handlinga er ikkje så viktig, men tek spelaren til dei ulike kampsonene på øya. Det kan vere greit å ha spelt det første for å forstå kva som skjer, men det er ikkje naudsynt. Det ein treng å vite er kva ein skal skyte på fienden og korleis ein skal hindre fienden i å skyte attende.

Nanodrakt igjen
Nanodrakta som helten har på seg gjer det mogleg å gjere seg usynleg, springe fortare, hoppe lengre og slå hardare. Sjølv om våpen er ein soldat sin beste venn er det framleis moro å leike med fienden.

Spelet kjem også med støtte for kampar mot andre på Internett, så sjølv om det er kort - kan ein nyte Crysis Warhead i lang, lang tid.

Tunge krav
Grafikken er like krevande som før og testmaskina vår som klarte å halte seg gjennom slutten av Crysis, gjekk ned i kneståande i spelet sine siste minutt. I lågare oppløysing og med eit meir avslappa detaljnivå er det mogleg å spele Crysis Warhead på ei litt eldre maskin.

Men, skal ein få det meste ut av spelet kjem ein ikkje utanom ein rask to- eller firekjerne CPU og eit rimeleg nytt og heftig skjermkort som t.d. GeForce GTX 260/280 eller Radeon HD4780/4780x2. Framleis finst det ingen kort på marknaden som kan ta Crysis/Crysis Warhead på lillefingern.

Koklusjon
Meir av det same er ikkje alltid ein dårleg ting, og Crysis Warhead er eit godt eksempel på det. Sjølv om det er tungt, lite nyskapande og kort er det så gjennomført som denne typen skytespel kan bli. Har du ein kraftig PC med eit godt skjermkort av nyare dato så er Crysis Warhead eit must - og moro i same slengen.

Meir av det same er ikkje alltid ein dårleg ting

Artikkeltags