Terningkast 5: Mass Effect inntek dataskjermen

SOM PÅ 360: Tilleggspakken "Bring down the sky" som kom ut i vår til Xbox 360, er også mogleg å laste ned til PC-versjonen. Denne byr på nye skumle romvesen - og nokre timar ekstra speletid.

SOM PÅ 360: Tilleggspakken "Bring down the sky" som kom ut i vår til Xbox 360, er også mogleg å laste ned til PC-versjonen. Denne byr på nye skumle romvesen - og nokre timar ekstra speletid.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

PC: Vi var imponert over Bioware sitt storslegne "Mass Effect" då det kom ut til Xbox 360 rett før jul i fjor. Er det like bra på PC?

DEL

"Mass Effect" er eit rollespel av episke dimensjonar, der handlinga utspelar seg over fleire solsystem. Handlinga er for omfattande til å utdjupe her, men i alle hovudsak har menneskeheiten teke steget mot stjernene og er i ferd med å oppdage ein skjult trussel som kan øydelegge alt liv.

Lag din eigen helt
Som vanleg i rollespel av denne typen er det berre ei lita gruppe heltar som kan stoppe undergangen. Her tek eventyret til, etter at ein har laga sin eigen helt som ein vil tilbringe dei neste 50-80 timane i lag med.

Sjølv om "Mass Effect" er stort og omfattande er det også svært lett å plukke opp. Action er ein viktig del og det er lett å ta opp kampen dersom ein har spelt nokre runder med Half-Life eller liknande skytespel. Etterkvart får ein tilgang til teknologisk magi og eindel andre spesielle evner, men dei er like lett å bruke som pistolen.

Variert
Spelet er delt inn i mellomstore kapittel der kvar planet/solsystem held ein del av historia. Ein står fritt til å velje kva planetar ein vil reise til etter at ein har kome seg gjennom dei første timane. Universet er stort og det er mange mennesker å møte og masse oppdrag å ta på seg.

Dei fleste oppdraga er velskrevne små historiar som fortel om menneske og romvesen sine liv og problem. I nokre oppdrag kan ein snakke seg gjennom det heile, men dei fleste vert løyst med våpenmakt.

Erfaringspoeng
Som i dei fleste rollespel er det mogleg å få XP (erfaringspoeng) som ein kan bruke til å utvikle karakterane med. I "Mass Effect" er det heile gjort svært enkelt. Ein har ikkje dei heilt store moglegheitane, men ein får fort resultat. Berre etter eit par nivå får ein kjensla av at karakteren har vokse meir enn etter fleire dagar i eit online-rollespel.

Flott å sjå til
Grafikken er for det meste uendra. "Mass Effect" er frå før eit av dei finaste spel vi har testa, og med litt høgare oppløysing og meir flyt i grafikken, ser det enno betre ut. Det ein merkar mest er at det er litt raskare å hente inn nye brett.

Konklusjon
Vi kunne skrive side opp og side ned om dette spelet, men vi nøyer oss med å konstantere at eit godt spel har vorte bitte litt betre. I all hovudsak har det berre kome ein ny versjon til eit anna format. Har ein Mass Effect på Xbox 360 er det kanskje ikkje verdt å skaffe det på nytt til PC. Men, dersom ein ikkje har det og er glad i Sci-Fi eller action/rollespel, er dette eit soleklart val.

Mass Effect på PC er vel så bra som på Xbox 360.

Artikkeltags